annonse

«På parti med bedriftene»

Næringsminister
Næringsminister: Torbjørn Røe Isaksen. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Vi må tilbake til 2008 og 2009 for å finne like låg registrert arbeidsløyse som no. I dag er det klare betringar i arbeidsmarknaden i Hordaland, som vart hardt ramma av oljeprisfallet i 2014.

NAV Hordaland melde i desember om at auka oljeinvesteringar gjev auka sysselsetting, og at dei framleis ventar nedgang i arbeidsløysa i 2019. Vidare kan SSB melde om auka omsetning og forventingar om auke i investeringar i industrien 2019. Det er gode nyheiter for bedriftene og for næringslivet.

I ei meiningsytring på siste dag i 2018 hevdar stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) at regjeringa sviktar sunnhordlandsindustrien, og at det er satsa for lite for å få folk i arbeid. Statistikken viser at det ikkje stemmer.

Det at pilane peiker i riktig retning båe når det gjeld arbeidsløysa (nedover) og investeringar (oppover) har òg resultert i at omfanget av permitteringar har blitt vesentleg redusert.

I ei tid med betring i arbeidsmarknaden er det viktig å ikkje hindre naudsynt og ønska omstilling. Permitteringar er eit verkemiddel for arbeidsgjevar til å halde på arbeidskraft i periodar med midlertidig svikt i etterspurnaden. Utviding i permitteringsregelverket når arbeidsmarknaden vert svekkja, bør reverserast når situasjonen blir meir normal som no.

Vi må ha ein politikk for å skape nye trygge arbeidsplassar og bidra til lønsam omstilling i bedriftene. Regjeringa har lagt fram den fyrste industrimeldinga sidan 1980. Vårt mål er at Noreg skal vere ein leiande industri- og teknologinasjon.

Petroleumsnæringa vil enno ha stor verdi for norsk økonomi i mange år framover. Regjeringa har difor lagt vekt på ein stabil politikk for denne næringa. Det er utvilsamt viktig for mange arbeidsplassar i Sunnhordland.

Torbjørn Røe Isaksen,
næringsminister (H)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut