annonse

«Parallellsamfunn – før og no og her og der»

Meiningar
Meiningar: Magne Misje. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV)

  • Meiningar

Regjeringa i Danmark har lagt fram forslag som skal hindra utvikling av det regjeringa kallar parallellsamfunn. Ifølgje vår justisminister er slike samfunn etablert i Sverige, og ho nyttar alle høva ho har til å åtvara mot ei slik utvikling.

I ein biografi om Erik Bye skriv forfattaren Asbjørn Bakke om ei reise Bye og eit reportasjeteam frå NRK gjorde i 1969 til område i Midtvesten der det bur mange med norsk bakgrunn. Han fortel om eit møte med to eldre brør. Bestefaren til desse to utvandra frå Noreg i 1851. Dei to brørne, tredje generasjons innvandrarar, likar ikkje at amerikaniseringa kryp innpå dei. Dei vurderer å slutta å handla i butikken når det no har kome ein ny ekspeditør som ikkje forstår norsk. Då det vart slutt på at preika i kyrkja var på norsk, slutta dei å gå der.

Forfattaren skriv vidare: «I disse områdene rådet norske tradisjoner. Det var rene parallellsamfunn bestående av mennesker som insisterte på å bruke eget språk,spise mat som i gamlelandet og tviholdt på konservativ religion, selv i tredje generasjon etter innvandringen. De hadde sterk kjærlighet til Norge, ofte på naivt grunnlag. Landet levde videre som en drøm bak det daglige slitet».

Er det noko å læra av denne forteljinga? Kanskje at vi skal vera meir tolmodige når det gjeld integrering og arbeidsdeltaking, at ting tar tid, men og at det meste oftast går seg til. Det ligg og ei oppfordring til justisminister og andre om å vera mindre insisterande på at her i landet drikk vi alkohol og et svinekjøt og at dei straks skal bli som oss.

Magne Misje,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut