annonse

«Pasientar sine behov i sentrum, ikkje marknad og profitt»

Rammefinansiering
Rammefinansiering: Raudt vil jobba for å avvikla helseføretakslova og erstatta ho med ei ny sjukehuslov med forvaltningsrekneskap og hundre prosent rammefinansiering, skriv Rose Maiken Flatmo, førstekandidat i Raudt Stord. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Sjukehusa i landet blir bygde ned og fødestuer nedlagt og stadig sjukare pasientar blir overførte til kommunar som manglar ressursar.

Forvitringa av det offentlege norske helsevesen skaut fart med innføring av Helseføretakslova i 2002. Med støtte frå Høyre og FrP, vedtok Arbeiderpartiet å ta sjukehusa ut av politisk forvalting og gjere dei til helseføretak, styrt etter modell frå aksjelova, ei rein avdemokratisering. No ønskjer stadig fleire å fjerne føretaksmodellen, Jonas Gahr Støre forsøker å roe Bunadsgerillian og andre ved å jobbe for fleire politikarar i føretaksstyra. Dette har vore prøvd før, men betyr lite fordi det blir kravd at dei skal vere lojale overfor styret sine avgjerder og økonomi. Dermed blir folkevalde og tillitsvalde i styra i Helseforetaka nekta lojalitet til pasientane og folket som har valt dei.

Skottland avvikla Foretaksmodellen i 2004 og førte skotske sjukehus tilbake til folkevalt ansvar, og innsatsstyrt finansiering blei erstatta med 100 prosent rammefinansiering. Berre kvalitetsdata blir registrert og effektiviseringstiltaka er pasientretta. Då Raudt sitt helsepolitiske utval var i Skottland for å studere helsevesenet nyleg, fekk vi presentrert fleire døme på at rammefinanseiering gir rom for fagleg forankra og pasientretta effektivisering.

I Noreg må 50 prosent av driftsmidla i helseføretaka tenast inn ved såkalla innsatsstyrt finansiering, stykkpris på sjukdom og behandling. Derfor må helsepersonell si dyrebare tid brukast til målrapportering og detaljert økonomisk koding av diagnosar og prosedyrar for å få refusjon frå staten. «Effektiviseringa» føregår ved at stykkprisane sin realverdi, blir reduserte slik at sjukehusa må behandle fleire på kortare tid for å tene det same. Føretaka tener mest på å behandle pasientar med enkle diagnosar og føreseieleg/kort liggjetid, minst på kronisk sjuke, eldre og psykiatriske pasientar som treng meir tid til god behandling og omsorg. Helsepersonell fortvilar over manglande tid til å gi pasientar og pårørande god oppfølging.

Ein av fem sjukepleiarar sluttar i yrket innan ti år, dei held ikkje ut å drive marknad med sjuke menneske. I dag manglar Noreg rundt 6.000 sjukepleiarar.

Skottland sitt helsevesen er heller ikkje problemfritt, men dei vil bruke ressursane på folk sine helsebehov. Dei seier nei til ei utvikling som bekreftar den omvendte omsorgs lov: Eit marknadsstyrt helsevesen gir mindre behandling og omsorg til dei som treng det mest og overbehandling av pengesterke pasientgrupper som treng det minst.

Frå 2002 til 2017 fjerna norske helseføretak vel 3.100 somatiske sjukehussenger og halvparten av døgnplassane i psykisk helsevern. Samtidig auka folketalet med 800.000. Sjølv om moderne behandlingsformer reduserer liggjetider, har også vi ei eldre befolkning som lever lenger med kompliserte sjukdommar.

Helseføretakslova gir styra fullmakt til å kjøpe behandling hos private. Noreg er derfor på full fart i retning av eit todelt helsevesen. Dei private sjukehusa behandlar i hovudsak pasientar med enklare lidingar, driv utan ansvar for akuttberedskap, eigne pasientkomplikasjonar, forsking og utdanning. Målet er rask profitt, ikkje å bygge langsiktig heilskapleg helsetilbod. Konkurranseutsetting av reinhald, informasjonsteknologi (IT) og kosthald i sjukehusa, er svært problematisk både for tilsette sine lønns- og arbeidsforhold og for personvernet til pasientane og medfører byråkratikrevjande anbodsverksemd.

Samhandlingsreforma frå 2012, er i realiteten helseføretaka sitt verktøy for å kvitte seg med «ulønnsame» pasientar. Eldre, barselkvinner, kronisk og psykisk sjuke, blir skrivne ut for tidleg og overlatast til ei kommunal helse- og omsorgsteneneste som manglar folk og ressursar. Derfor les vi om eldre som vert sendt heim frå sjukehus i tøflar og slåbrok utan forsvarleg tilsyn. Regjeringa si løysning er at meir kommunal omsorg skal overlatast til private profitørar. Vi har lært frå Skottland og forsking at dette er feil medisin.

Raudt vil jobbe for å avvikle Helseføretakslova og erstatte den med ei ny sjukehuslov med forvaltningsrekneskap og 100 prosent rammefinansiering, i eit heilskapleg offentleg helsevesen og med reell moglegheit for samhandling. Regjeringa og Stortinget skal ha eit forpliktande overordna ansvar og eigarskap. Fjerning av stykkprisfinansiering og anbod, vil gi tid og verdiar som set pasientar og pårørande sine behov i første rekke, samtidig som dei tilsette sine arbeidsforhold blir ivaretatt. Raudt vil samarbeide med folkeaksjonar, fagrørsle og andre parti for at dette skal bli ein realitet og at det blir slutt på at sjukehusa driv helsefarleg butikk.

Rose Maiken Flatmo,
1. kandidat Raudt Stord

Tore Roth Blokhus,
2. kandidat Raudt Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut