annonse

Planarbeid og politikk

Politikk
Politikk: Er den politiske styringa for dårleg? Er det utviklinga som går for fort, eller har det òg litt med historieløysa å gjera? spør Håvard Hystad. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Gir politikarane i Stord klare nok signal til dei som jobbar med planlegging i administrasjonen, eller er dei for lite «tøffe» til å følgja opp, og ikkje minst halda på tidlegare vedtekne planar som overordna kommuneplan, kommunedelplanar, skulebruksplanar osv.? Og sjølvsagt plan om framtidig bruk av tusenårsplassen, Torget? Men også Leirvik Hamn. Og no også utbygginga av Heiane Vest.

Heiane Vest skulle leggjast til rette for utbygging som industriområde, slik det opphavlege Heiane vart lagt ut i starten. Me veit alle korleis utviklinga på Heiane har vore. Og det kan henda det var turvande med dette «frisleppet» all den tid Leirvik som sentrum vart strupa og gjort vanskelegare tilgjengeleg. Det tyder ikkje at ein utan vidare skal godta utbyggjarane sine ynskje om å «letta» på vilkåra for etablering på Heiane Vest.

Men det ser diverre ut som om det er dei «stygge utbyggjarane» som får skulda. Det er feil. Dei ser mogelegheiter og ser fram i tid. Men det er ikkje alltid dette er i tråd med tradisjonar og vedtekne planar. Det som er problemet er at planane går gjennom. Og då kan ein reisa spørsmål om kvifor det er slik?

Er den politiske styringa for dårleg? Er det utviklinga som går for fort, eller har det òg litt med historieløysa å gjera?

Svaret er truleg litt her, og litt der. For det er ikkje tvil om at utviklinga på Stord har skote fart dei siste åra, og at dei som har sett forretning i det satsar på denne utviklinga. Og stadig «nye» politikarar med nye tankar i hovudet hiv seg på og «bryr seg lite om» tidlegare vedtekne – men ikkje gjennomførte planar.

For eg vil tru at det var ein viss tanke bak det då byggjehøgda i Leirvik vart sett til maks fire etasjar. Det skulle utviklast til ein liten og tett kystby. No kjem det «skyskraparar». Og eine dispensasjonen etter den andre vert gjeven – utviklinga krev det.

Så vidt eg hugsar vart Hamnegata i si tid rusta opp som ein føresetnad for å kunna ta i mot framtidig ferjetrafikk frå Kvinnherad til Djupavikjo. Nye politikarar, og kanskje planleggjarar, kom til, og det var gjeve dispensasjon for utviding av Oma Slipp og betongblandeverket på Brattestø og etablering av nytt kloakkreinseanlegg. Etter kvart også for utbygging av nye husvære nær kaikanten. Også Hamnebygget vart gjort om frå næring til husvære. At me ynskjer ei levande hamn var det ingen som brydde seg om. Helst burde det ikkje liggja ein einaste båt til kai her, fy, fy.

Eg kunne gått vidare med ulike planar, såkalla generalplanar, og detaljplanar for Leirvik sentrum. Vedtekne, men fråvikne, eller ikkje gjennomførte (t.d. Tusenårsplassen). Det store spørsmålet vert då: Er det trong for ei så stor planavdeling i Stord kommune når det er utbyggjarane som lagar planar og tek kostnaden med det? Eller er det rett og slett mangel på politisk (folkevald) styring og historieløysa? Og no også Vegvesenet som trumfar gjennom ein Miljøgateplan som strupar sentrum enno meir?

Håvard Hystad

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut