annonse

Politikarar og prioritering av pengar

Dårleg forfatning
Dårleg forfatning: Ungdomsskulen på Nysæter er så dårleg at han snart ramlar i hovudet til lærarar og elevar, men rådmannen foreslår å kutta i kostnadane til nybygg der, skriv Per Enoksen. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

  • Meiningar

Av og til lurer eg litt på kor smarte løysingar dei folkevalde og byråkratane i denne «byen» har?

Me har nettopp vore igjennom ein stygg budsjettrunde der alle dei svake blei meisla vekk og kasta på sjøen som avfall og no vil dei plutseleg pussa opp sitt eige hus for nesten 30 millionar kroner?

Eg berre lurer på kor vitet er i denne samanhengen?

Dagsenteret som blir lagt ned gir i dag tryggleik for menneske som treng faste og trygge rammer rundt seg. Å flytta på dei er ikkje det same som å setja «byens» byråkratar på plenen i partytelt. Den omstillinga greier byråkratar sikkert godt etter litt streiking.

Fritidsklubbane førebyggjer ungdomsutgliding på det sosiale planet og dei skulle heller hatt ope to dagar meir i veka!

Ungdomsskulen på Nysæter er så dårleg at han snart ramlar i hovudet til lærarar og elevar, men rådmannen foreslår å kutta i kostnadane til nybygg der.

Forslaget mitt er å kutta ut oppussing av rådhuset og heller bruka dei midlane på folket: Dagsenter, fritidsklubbar og ny flott skule for framtida på Nysæter.

Dette bør bli valkampsaker for folket i denne kommunen, og kampen må me starta no!

Per Enoksen,
Stord
innflyttar frå Ryfylke

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut