annonse

Presisering i samband med innføring av Autopass

Autopasskluss
Autopasskluss: Det har vore ein del forvirring knytt til innføring av AautoPASS på ferjene. Her kjem nyttig info. Her frå Sandvikvåg, der det same gjeld som i Arsvågen. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

1. januar vart AutoPASS innført ved fleire av Fjord1 sine samband, blant anna Arsvågen-Mortavika. Endringane som er knytt til systemet og køyremønsteret har skapt ein del frustrasjon blant reisande, som diverre har gått utover våre tilsette og autopassutstyret. Vi ønskjer difor å presisere litt informasjon knytt til AutoPASS.

Fram til 31. januar er det lagt til grunn ei overgangsordning ved bruk av gamle verdikort og storbrukarkort. Frå 1. februar må alle trafikantar som ønskjer rabatt ha ei fungerande AutoPASS-brikke i bilen. Brikka må vere plassert slik at den er lesbar for AutoPASS. På personbilar skal brikka plasserast øvst på innsida av frontruta. Om ruta har eit skravert felt ved spegelen, skal brikka plasserast der. Rundt brikka bør det vere 3–7 cm fri plass. Brikka skal ikkje hindre sikt.

Vi ber alle trafikantar generelt om å følgje skiltinga på ferjekaia. Om kunden har autopassbrikke skal ein køyre til AutoPASS-felt som er stengd med bom. Bommen opnar seg når systemet har lest og godkjent brikka. Her er det viktig å tilpasse farta. Om bommen ikkje opnar seg, kan brikka vere «ikkje fungerande» eller plassert på ein stad som hindrar systemet å lese det. Kunden må då køyre til det manuelle feltet, kor dette kan kontrollerast. Ved øydelagd brikke må kunden ta kontakt med utstedar av brikka.

Etter 31. januar er det kun køyretøy med gyldig brikke som får rabatt:

• Kundar med gyldig AutoPASS-brikke, men utan eigen AutoPASS-ferjekonto, får 10 % rabatt

• Privat AutoPASS-kundar med abonnement får 50 % rabatt

• Firma AutoPASS-kundar med abonnement får 40 % rabatt

Om ein har køyrt inn i AutoPASS-feltet er einaste veg ut i den enden på oppstillingsfeltet som er mot ferja. Det er ikkje mogeleg å køyre ut same veg som ein kom inn. Om AutoPASS-brikka er registrert på AutoPASS-feltet, og ein likevel ikkje skal reise med ferja, må den enkelte ta kontakt med billettbod eller mannskapet slik at transaksjonen vert sletta.

I ferjesambanda til Fjord1 kor det er innført AutoPASS er det tilgjengeleg informasjon om bord i fartøyet. Kundar som har behov for informasjon kan kontakte mannskapet. Tilgjengeleg informasjon ligg og på nettsidene www.autopassferje.no og www.fjord1.no.

Tor Kristoffersen,
regionleiar Fjord1

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut