annonse

«Pride syner at me har plass til kvarandre»

Storapride
Storapride: Pride på Stord er eit privat initiativ som vert arrangert uavhengig av FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald sine andre Pride-arrangements, skriv leiar for FRI Bergen og Hordaland, Birger Berge. (Foto: Colourbox)

  • Meiningar

I eit ope brev til ordførar og politikarar på Stord framhevar innleggssendarane at «Eit slikt samfunn ønsker vi ikkje på Stord.» Ifølgje det opne brevet har samfunnet mykje å frykte dersom «FRI sin ideologi» blir førande for utviklinga. Det teiknast eit skremmande bilete av FRI som ei rørsle med ein klar «[---] politisk og samfunnsendrande radikal agenda.»

Den komande Storapride i helga har vekt sterke reaksjonar, mellom anna har leiaren av Stiftelsen MorFarBarn, Øyvind Benestad uttrykt at «Det er på høg tid å vakna.»

Sjølv om desse innlegga er vond lesnad for oss i FRI, har eg ei von om at mange vaknar opp nettopp som følgje av desse innlegga. Dei syner i klartekst kvifor det framleis er behov for pride: Når det kjem innlegg på trykk som forsøkjer å male eit bilete av din seksualitet som ein del av ei stor, skummel og grenselaus rørsle, treng vi pride. Når nokon ikkje lengre ønskjer å bu i bygda si, fordi dei er redde for at naboar ikkje skal ta dei i mot som dei er, så treng vi pride. Når lærarane på skulen din kallar kjærleiken din for synd, treng vi pride.

Heldigvis kjem mange på Stord til å veive med regnbogeflagget i helga, fordi dei ønskjer å syne at alle på Stord skal få høyre til. Pride handlar nettopp om å syne at vi har plass til alle. Når vi går saman med regnbogeflagg syner vi at kollegaer, naboar, mødrer og søsken at dei kan få høyre til og at vi set pris på at dei er som dei er, og at dei kan få elske kven dei vil. Det er ikkje slik at FRI ønskjer å gjere heterofilt samliv «nedgradert og kritisert,» som er ein av konklusjonane i «Stopp FRI sin ideologi.» Fri ønskjer eit ope og mangfaldig samfunn med likeverd og synlegheit for alle.

Pride er ikkje berre ei feiring av kjærleiken. Pride er ein kamp for at alle menneskje skal få uttrykkje seg, leve, elske og vere ein del av lokalsamfunn over heile landet. For retten til fridom og tryggleik for dei aller mest sårbare av oss, er nettopp grunnen til at det arrangerast pride. Happy pride på Stord!

Faktaopplysing: Pride på Stord er eit privat initiativ som vert arrangert uavhengig av FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald sine andre Pride-arrangement.

Birger Berge,
leiar i FRI Bergen og Hordaland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut