annonse

Prosessen for nytt ferjesamband

Ferjestø-saka
Ferjestø-saka: «Eg håpar på ein faktabasert debatt om dei ulike alternativa, og innspel vil verta ynskt velkomne og tekne med i prosessen», skriv ordførar Gaute S. Epland. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Tor Jæger Koppang og Atle Hansen hevdar i Sunnhordland 23. februar at eg har gått utover mandatet mitt og bed om at den pågåande planprosessen for nytt ferjesamband mellom Stord og Kvinnherad vert stoppa.

Eg vil først påpeika at mandatet til dei tre som representerer Stord kommune i den politiske referansegruppa (ordførar, varaordførar og Geir Angeltveit frå opposisjonen), er gjeve av kommunestyret, som 20. april i fjor samrøystes vedtok å delta i ein interkommunal planprosess for å korta ned reisetida mellom Leirvik og Husnes.

Bakgrunn: Tilrår ferjestø i Sævarhagsvikjo

Når det gjeld Ap sitt standpunkt, vil eg visa til partiprogrammet. Der heiter det: «Stord Ap vil jobba for å korta ned reisetida mellom Kvinnherad og Stord. Val av ferjestø må byggja på eit langsiktig og miljøvennleg perspektiv, og må sjåast i samanheng med val av trase for ny E39.»

Eg ser inga motsetning mellom dette og den pågåande prosessen – tvert imot.

Samstundes er det rett, som Koppang og Hansen påpeiker, at det i valkampen vart peika på Jektevik som alternativ til Skjersholmane på kort sikt. Koppang og Hansen spør difor kva som har endra seg sidan 2015. Ein heil del, vil eg hevda:

– Resultatet av kommune- og regionsreforma har auka behovet for å knyta Sunnhordlands-kommunane tettare saman. Å korta ned reisetida mellom dei to regionssentera Leirvik og Husnes er sentralt i så måte.

– I fjor sommar vart det utarbeidd ein rapport som dokumenterer at innkorting av reisetida mellom Kvinnherad og Stord betyr mykje både for dei offentlege institusjonane og det private næringslivet på Stord.

– Til forskjell frå førre planprosess ser ein no på mogelege ferjestø på begge sider av fjorden for å finna fram til den beste løysinga. Kommunestyret i Stord har sett som krav at det ikkje skal takast i bruk ny urørt strandsone på vår side. Kvinnherad har akseptert dette, men har ikkje sett fram noko tilsvarande krav.

– Eit fastsamband mot Kvinnherad, t.d. i form av ein «sunnhordlandsdiagonal», synest å vera lite realistisk eller i alle høve liggja veldig langt fram i tid. I tillegg har fylket vedteke at ein i neste anbodsperiode skal bruka elferjer som har noko lågare fart enn dagens dieselferjer. Følgjeleg er innkorting av ferjesambandet den einaste måten å korta ned reisetida i overskodeleg framtid.

Meiningar: «Berre tanken verkar absurd»

Til slutt vil eg seia at me no er midt i ein planprosess der ein i tillegg til dagens løysing har valt å gå vidare med tre ulike konsept. Kva resultatet av den prosessen blir, er for tidleg å seia noko sikkert om. I alle høve har ikkje referansegruppa noko avgjerande mynde, men skal berre gje ei tilråding til kommunestyra i Stord og Kvinnherad som skal ta den endelege avgjersla.

Fram til dess håpar eg på ein faktabasert debatt om dei ulike alternativa, og innspel vil verta ynskt velkomne og tekne med i prosessen.

Gaute S Epland,
ordførar i Stord kommune

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut