annonse

«Prosjekt utan kostnad, styring og realisme»

Gigantisk
Gigantisk: Prislappen på dette prosjektet, burde fått mange fleire til å ta pennen fatt og sjå på dei andre traseane som har vore foreslått, skriv Sigmund Kroka. (Foto: Statens vegvesen / Plan Arkitekter / illustrasjon)

Det var med glede eg las innlegget til Øyvind Hardeland i Sunnhordland 19. januar, skriv Sigmund Kroka.

  • Meiningar

Endeleg ein som ser galskapen i Hordfast-prosjektet, slik det no er planlagt og vil stå fram som politikar og fagmann på område, nettopp det siste betyr enormt mykje tenkjer eg.

Prislappen på dette prosjektet, burde fått mange fleire til å ta pennen fatt og sjå på dei andre traseane som har vore foreslått. Når me og ser at det handlar om ein tidsforskjell på berre 15 minutt, då forsvinn argumenta til både politikarar og NHO-leiaren. 15 minutt ekstra har me tid til, uansett kva oppdrag du skal i. Dersom ein skal ha firefelts veg, så må ein og byggja ny tunnel under Bømlafjorden, eller?

Nei, ta fram dei gamle planane f.eks. gjennom Fusa som vil gje hurtigare start, då planane allereie ligg der. Me får tilgang til meir byggjeland, fleire får høve til å pendla til nye mogelegheiter, me får eit mykje betre bompengegrunnlag, då me fangar opp deler/heile Kvinnherad, Fusa og deler av Kvam herad. Det kan og bety at me kan ha eit lågare bompengepassering.

Øyvind Halleraker: «Hordfast er realistisk og har god kostnadsstyring»

Ved å bygga ein ny trase med to felt og forbikøyringsfiler innimellom, så vil me behalda dagens Bømlafjordtunnel, me kan raskare koma i gong med bru til Hodnaneset etc. Det vil bety enormt med anleggsarbeid og nye arbeidsplassar som kan starta på ulike plassar i traseen. Eg trur at Hordfast vil bli ein realitet mange år tidlegare og med ein trygg vegstandard til felles beste for oss alle

Ved å stoppa motorvegen på Os ved Moberg eller nedkøyring til Os brannstasjonen så kan me øyremerka resten av midlane for å få ein ny trase mellom Nesttun og Arnaområdet, kor den nye traseen vil koma fram i lyset.

Ta til vit før det er for seint og sjå mogelegheitene i staden for å oppkonstruera nye problem.

Sigmund Kroka,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut