annonse

«Prosjekt utan kostnadstyring og realisme»

Kritisk
Kritisk: Fylkespolitikar og tidlegare vegvesen-tilsett, Øyvind Hardeland, er kritisk til mykje av samferdslepolitikken, og håpar at ein kan gjera om vedtaket om at E39 skal vera firefelts motorveg, for å få ned prisen, og realisert prosjektet. S (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

Som tidlegare kommunepolitikar, no fylkespolitikar, har eg nokre tankar om E39 Hordfast som bør vurderast. Underteikna har arbeidd i 36 år for Statens vegvesen (STV) innanfor drift og vedlikehald av vegar, og 11 år på kommunale vegar, og må diverre konstatera at vegforfallet er aukande.

I fylkestinget den 13. des 2017 vart det behandla to store vegsaker.

Sak 110/2017 Investeringsprogram for fylkesvegnettet 2018-2029 til Regional transportplan Hordaland 2018- 2029.

Her kjem det fram korleis tilstanden er for fylkesvegane med etterslep på kr 7,3 milliardar på vedlikehald. I tillegg manglande rassikringsmidlar og tunneldirektivet som krev store oppdateringsmidlar.

Sak 109/2017 Handlingsprogram 2018–2023 (2029) til Nasjonal transportplan Høyringsfråsegn.

Då det gjeld Høyringsfråsegna er det sjølvsagt liknande lesing, med store veginvesteringar og for små løyvingar til vedlikehald og drift.

Ut ifrå dette har eg følgjande meiningar.

Som kjent arbeidar ein for tida intenst med planlegging og ikkje minst kostnadsberekningar med vegprosjektet E39 Hordfast mellom Stord og Os. Såkalla midtre trase med flytebru over Bjørnafjorden med firefelts veg vart bestemt av statsminister Erna Solberg i 2013 med planlagt oppstart ca. 2018. Før denne avgjerdsla hadde ein jobba med andre realistiske, teknisk kjende løysingar, med fleire trasealternativ, men dei vart med eit pennestrøk diverre stoppa og kosta under teppet. Som politikar har eg ikkje sans for slikt, men godtek det. Kvifor ikkje sjå på alle alternativa og kvalitetsikra prosjektet? Prosjektet mellom Stord og Os er alt bestemt med firefelts veg og flytebru i sjø, noko som eg har følgjande kommentarar til:

Prisen er formidabel. Kostnaden på brua er estimert til 16 milliardar. Dette vil medføra årleg vedlikehaldskostnader av brua ut ifrå kjent vedlikehaldsfaktor på 1 promille (tommelfingerregel) på ca. 16-20 millionar årleg. Det er også fordyrande at brua ligg i sjøområde. Erfaringa syner at dette er eit vedlikehald som ikkje vert prioritert. Viser til vedlikehalds rogrammet Brutus som STV nyttar for bruer. Den syner store etterslep på mange bruer i Norge. Eit døme er Nordhordalandsbrua. Den har motteke ei ekstra løyving på 100 millionar på grunn av etterslep.

Det vert opplyst at ein har funne innsparing med 8 milliardar for prosjektet. Det som oftast skjer er at ein sjeldan klarar desse innsparingane. Som oftast nyttar ein dårlegare materialval, som til slutt endar med eit mykje dyrare vedlikehald.

Fakta: STV si vegnorm 200 viser til at firefelts veg skal nyttast når trafikken kjem opp i årsdøgntrafikk på over 12.000. Pr. 2016 er trafikken ca. 3.100 med ferja i sambandet Sandvikvåg–Halhjem. Vil det då vera realistisk at trafikken skal auka til over 12.000? Har samfunnet råd til eit slikt sjansespel? Trekantsambandet har berre tofelts veg. Kva kostnader vil dette påføra prosjektet då det nå må byggjast om til fire felt, ein kan ikkje ha slike innsnevringar?

Regjeringa seier at dei no alltid skal planleggja meir heilheitlege prosjekt enn tidlegare regjeringar for å spara kostnader. Då reknar eg med det gjeld for dette prosjektet også. Kva vil då den totale bompengekostnaden og prosjektkostnaden verta?

I fylkestinget behandlar me utbyggingsplanar, miljøplanar som byggjer på nullvekst i personbiltrafikken. Auken skal takast over kollektive reiser og me mottar pengar av staten for å planleggja slik. Me har ein byavtale med staten som sjølvsagt Frp stemde imot, der deira eigen samferdselsminister Solvik-Olsen har skreve under på.

Framtida jobbar for oss med lågare trafikk (større leddbussar, lastebilar som køyrer saman i togrekkjer). Vedtak om at godstransporten skal meir over på båt og som no har ei rivande utvikling innanfor miljø. Viser her til nye miljøvennlege ferjekontraktar som fylkeskommunen har inngått og som sparar miljøet for store utslepp.

På tide å vera realist og prioritera med følgjande mål:

Byggja E39 Hordfast som går med tofelts veg og gul stripe. Den vil vera distriktsvennleg for regionen og miljømessig ein vinnar. Vegstandaren vil vera realistisk. Reisetida vil auka med ca. 15 min i tid, men den er føreseieleg, ikkje slik som Bjørnefjordbrua som kan verta stengt i periodar med uvêr.

Difor ønskjer eg, og mange med meg, at statsministeren stoppar litt opp og tar ei revurdering av heile prosjektet.

Ønskjer også høgare prioritering av gul stripe, rassikring, at dei hjelper oss med etterslep både på fylkesvegar/riksvegar, slik at me kan ferdast på trygge og sikre vegar, og med føreseieleg framkommelegheit. Hordaland må og kunna byggja andre prosjekt statlege/fylkeskommunale som ligg i planane og makta å vedlikehald og ivareta den til ei kvar tid investerte vegkapital. Dette vil me ikkje makta med slike prestisjeprosjekt og dimensjonar der ein berre køyrer på, utan å sjå på totalkostnader med prestisje løysingar.

Greitt me har mykje pengar i landet og det er viktig med samferdsel, men det er ikkje ei honningkrukka som har uavgrensa midlar og me må alle prioritera. NHO-leiaren seier at gullalderen ligg bak oss med lågare oljeinntekter og auka utgifter.

Veit det er mange fylkespolitikarar, kommunepolitikarar og innbyggjarar med same tankar og som har eit minimum av ynskje der ein gjennomgår alle prosjekta på nytt og snur kvar ein stein og er open i alle prosessar.

Då vil ein få ei rett og sterkare vedtak for framtida.

Her er mitt nyttårsønskje, innanfor samferdsel:

At regjeringa set av større løyvingar til fylkeskommunane, slik at me maktar å fjerna etterslepet på fylkesvegane som me overtok frå Staten 2010 (Vegreforma) utan kompensasjon for dette.

Dei same ynskja også for Tunneldirektivet frå EU som Stortinget har godteke, men overlevert kostnads- og tidsansvar til fylkeskommunen som ikkje maktar eller klarar å løyva pengar for å følgja opp.

Til slutt, dela, prioritera, tenkja miljø, ta gode framtidsretta realistiske avgjersler, med realistiske trafikktal og realistisk dimensjonering utan enkelte prosjekt skal leggja band på mesteparten av investeringsmidlane og framtidig vedlikehaldsmidlar for den nye regionen Vestland.

Øyvind Hardeland,
Kvinnherad,
fylkespolitikar Ap

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut