annonse

«Rådmann på kollisjonskurs?»

Einvegskøyrt
Einvegskøyrt: Kjell Larsen har ikkje gjeve opp håpet om å få opna Borggata for einvegskøyring, og kjem i dette lesarbrevet med kritikk av kommunen si behandling av saka. (Foto: Illustrasjon)

Er rådmannen på kollisjonskurs med innbyggjarane om einvegskøyring gjennom Borggata? spør Kjell Larsen.

  • Meiningar

Det offentlege argumentet frå rådmann Magnus Mjør om at «det ikkje er komme nye argumentet i denne saka, etter at kommunen hadde den oppe som sak i 2013», gjorde at han råda politikarane til ikkje å gå vidare med å opne Borggata for einvegskøyring.

Med slik ei utsegn er det min påstand at rådmannen ikkje har følgt med i timen, særleg når ein ser på den urettferdigheita politikarane og forvaltninga har vist gjennom tida når det gjeld sentrum, og spesielt Borggata. Då tenkjer eg spesielt den økonomiske interessa kommunen har hatt sidan «industriområdet» vart grunnlagt på Heiane.

I dag har Heiane fått eit nytt omgrep: Heiane Næringspark. Og dette har synleg gått utover sentrum, spesielt Borggata med dei rammevilkår som til dømes parkeringsplassar har, og har enn ikkje parkering, ja det får då konsekvensar som rådmannen tydelegvis ikkje har evne til å sjå. Eg må understreka at eg ikkje er motstandar av utviklinga av Heiane Næringspark, men det må vera ei rettferdig likebehandling i saker der det gjeld handelsverksemd. Ikkje den favoriseringa kommunen har vist i mange år til Heiane i forhold til sentrum og Borggata. Og du rådmann Mjør, som skal ha eit profesjonelt forhold til økonomi, bør openbart sjå kva som gjeld for å kunne drive verksemder «slik at kabalen går opp» for dei som skal driv handel.

Det er openbart at det har vore ein del tilbakesteg ved at bank, post, sportsbutikk, arbeidskontor (NAV) og advokatar (Borgen) flytta frå Borggata. I tillegg til at dei korttidsparkeringane ein hadde ved Narvesen vart fjerna. Og dette har gradvis fått påverknader med at det er ikkje tilfredsstillande parkeringsplassar!

Underteikna meina at rådmannen burde vore meir etterretteleg med og skaffa seg ein uttale frå huseigarar og sentrumsforeininga før han gav politikarane sitt råd, og ikkje minst innbyggjarane rådgjevande tilbakemelding kring opning av Borggata! Underteikna har og mistankar om at rådmannen har meir sans for å byggja sentrum om til ein «sovande by» i staden for ein kombinasjon med handel og leilegheiter, som eksempelvis «Bytunet» med liv og røre.

Det same gjeld at rådmannen er ikkje opptatt med å skapa ein heilskap, i så tilfelle er han fullt ut på lag med «eigedomsbaronane» slik dei får råda! Då eg først fremja forslaget om å opna gata for einvegskøyring var det politikarar som syntest dette var eit godt innspel. Men dei same politikarane var med på å seia nei i formannskapet, noko som er nokså tankevekkjande, og blir nokså forvirrande og forholda seg til.

Rådmannen uttalar også at prosjektleiinga hadde vurdert Borggata i forkant for gjennomkøyring, «men av omsyn til dei mjuke trafikantane vart ikkje dette aktuelt». Det ville og krevja eit omfattande fysisk arbeid med og tryggja gata. Dette blei ikkje nemnt i ein setning frå kommunen då underteikna tok kontakt med kommunen munnleg om saka, men det er nærliggjande å tenkja at rådmannen har halde seg til uttalen frå prosjektleiar i «Grisarompo», Roberto Balzer, si utsegn i avisa: «Eg vil sjå den politikaren som har ryggrad til å opna Borggata for einvegskøyring.» Så med berre ein sånn uttale, rådmann, så skurrar det for underteikna!

Om rådmannen har lest underteikna sitt innlegg som blant anna kom med forslag om korleis ein kan sikra gata for dei gåande, er dette «tull og tøys». Og kva med øvre Borggata? Der er det trafikantar begge vegar utan sikring, i tillegg til at også tungtrafikk kan ferdast der. Dette berre stadfester atter ein gong den offentlege forvaltninga sine inkompetente handlingar.

Rådmann, om du kunne forholda deg til Trygg Trafikk sine analysar kring dette med tryggleiken for dei gåande: Der det er mykje folk, der farten er 30 km, og opp til 3,5 tonn køyretøy, vil det vera mindre fare for ulukker. Det er nokså innlysande også, for bilisten er meir på vakt i slike situasjonar. Dette vil eg tru også køyreskulane kan stadfesta for deg.

Torget slik det blir brukt i dag er til fånytte, dette må brukast til parkeringsplassar når det ikkje skal føregå eit større arrangement der, og flytt dei få buene inn mellom Rådhuset og Hagrupshuset. Det vil vera ein god byrjarlønn til dei som har verksemda i Borggata, og dei rundliggjande verksemd. Når detta skal opp i kommunestyret, håper underteikna at dei enkelte partia viser kven dei er for. Og at dei ikkje går inn for rådmannen sitt så lite objektive rådgjevande forslag.

Dette berre stadfester atter ein gong den offentlege forvaltninga sine inkompetente handlingar.

Kjell Larsen,
Stord

(innlegget er noko korta. Red)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut