annonse

«Raseri, opprør og to vinflasker»

Debatt
Debatt: «Stå på, Krf! Stå oppreist mot bøllete framferd frå Njåstad, Tybring-Gjedde og Siv Jensen», skriv Magne Misje. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

Media melder om opprør og raseri i Frp. Kva er Frp så rasande for? Er det for små løyvingar til rasutsette vegar på Vestlandet? Er det manglande løyvingar i kampen mot barnefattigdom eller manglande tiltak mot den aukande ulikskapen i samfunnet? Eller kanskje er det misnøye med for små løyvingar til flyktningarbeid i Midtausten eller naudarbeid i Jemen?

Nei, saka er at eit fleirtal på Stortinget vil avskaffa ordninga frå 2014 om at dei som ikkje kjøper tobakk/sigaretter, skal taxfritt få kjøpa to ekstra flasker vin. «Det er en kompensasjon og en gest til våre reisende», sa Siv Jensen i 2014. Det er ikkje til å tru. Burde ikkje røykjande avholdsfolk få kompensasjon på same måte med å kjøpa dobbel kvote sigarettar/tobakk? Frp meiner jo at folk må få bestemma mest mogeleg sjølve, og at dei er i stand til å gjera kloke val utan innblanding frå styresmakter. Frp har alltid vore partiet for billeg alkohol til folket. Men saka om dei to ekstra vinflaskene er populisme i høgste grad og Frp på sitt verste.

Stå på, Krf! Stå oppreist mot bøllete framferd frå Njåstad, Tybring-Gjedde og Siv Jensen.

Magne Misje

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut