annonse

Reagerer på kutt i elevressursen

Debatt
Debatt: «FAU ved Hystad skule vil oppmoda politikarane i Stord kommunestyre om å satse på skule og SFO. Barna våre fortener det!» (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

FAU ved Hystad skule har følgjande merknader til rådmannen/formannskapet sitt budsjettframlegg:

FAU reagerer på at det vert foreslått å kutta i elevressursen. Me ser med sterk uro på at skulane får mindre pengar til delingstimar, lærebøker, spesialundervisning av lite og moderat omfang, turar, vikar og anna.

Skal me skape ein god skule for ungane på Stord, treng elevressursen å styrkjast, ikkje svekkjast.

FAU ser med stor uro på at kostnaden på SFO-plass i Stord kommune vert foreslått auka med 12 prosent. Med det vil kostnaden på SFO-plass i Stord kommune vera mellom dei dyraste i landet. Dagens SFO har ikkje søskenmoderasjon, og ein tar ekstra betalt for både mat og eventuelle turar. Stord kommune held på med eit viktig prosjekt om ein inkluderande skule, SFO og barnehage. Dersom kostnaden på SFO-plass er så dyr at mange ikkje har råd til å betale, kan ein ikkje inkludere SFO i dette prosjektet. SFO vil då vera eit ekskluderande tilbod i Stord kommune. Mange av dei som har størst behov for plass, vil truleg ikkje ha råd til å betale. Me veit at alt slik det er i dag, er det svært få fjerdeklassingar som går i SFO. Med denne kostnadsauken vil truleg enno fleire slutte.

Stord kommune bør skrote opplegget med SFO til sjølvkost. Til samanlikning gir byrådet i Bergen no signal om at dei vil innføre gratis SFO.

FAU ved Hystad skule vil oppmoda politikarane i Stord kommunestyre om å satse på skule og SFO. Barna våre fortener det!

På vegner av FAU ved Hystad skule

Inger Berit Hagen,
leiar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut