annonse

«Realisme, ikkje populisme»

Reagerer
Reagerer: Sigbjørn Framnes. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Svar til Marita Vassnes og Stord Arbeidarparti.

Eg merkar meg at Marita Vassnes, andrekandidaten til Ap, påstår at Stord FrP driv eit politisk spel i saka om ny Nysæter Ungdomsskule. Eg har såpass tiltru til veljarane at eg trur dei forstår kven det er som driv eit politisk spel i denne saka. Det er ikkje Stord FrP.

Til Marita og partiet hennar lyt eg få lov til å presisera nokre nokså enkle detaljar. Detaljar dei kanskje ser som uviktige. Det er altså ikkje slik at eitt parti har monopol på sanninga. Ei heller at deira løysing og prioritering er den beste og einaste rette. Påstandane til Marita er urimelege og direkte misvisande – også i denne saka. Det ser ut til at Stord Ap har lagt seg på denne lina, sidan ordføraren har same strategi i saka om orientering i formannskapet, og om parkeringssaka. Stempla dine politiske motstandarar og utspela deira som populistiske, symbolpolitikk og opposisjonspolitikk og seie at dei misbrukar kontrollutvalet. Dette er ein såpass openberr hersketeknikk at eg er sikker på at oppegåande veljarar ser tvers gjennom det. Det er i alle fall nokså spesielt at ordføraren påstår det same om leiaren i kontrollutvalet.

I ungdomsskulesaka har Stord FrP spelt på lag med hallkomiteen sine forslag. Me har hatt ynskje om å starte bygging så snart råd er. Me vurderte anna tomt som betre enn eksisterande tomt, men vart diverre stemt ned. Les gjerne mitt lesarbrev frå september 2018. I budsjettet prioriterte me annleis enn det Ap gjorde, og om me ser på resultata er det synd at Ap fekk fleirtal. At andrekandidaten i Ap ikkje forstår vårt budsjett får så vera, men å direkte villeie veljarane er ikkje akseptabelt.

I budsjettet la me inn investering i brakker, dei same som Stord ungdomsskule nytta, dei er no lagra på Heiane og er ledige. Me valde å ikkje framskunda ferdigstilling av ny skule med eit halvt år, slik Ap gjorde. Her følgde me rådmannen si innstilling. Me har altså ikkje utsett skulen med «mange år». Slik saka ligg føre no var dette eit meir realistisk tidsanslag enn Ap brukte i sitt budsjett.

Vår tanke med budsjettet var å ta elevane, tilsette og brukarar av Nysæter Ungdomsskule på alvor. Me meiner at dagens skule ikkje møter minstekrav til godt arbeids- og læringsmiljø. Difor ville me ha opp midlertidig skule så snart råd er. Dette kunne ha vore klart til påske i år om vårt budsjettforslag gjekk gjennom, seinast til sommaren i år. Alle fortener betre enn dagens skule på Nysæter, men dette unner altså ikkje Marita og Ap elevane og lærarane!

Det verkar som om Marita trur det er unikt for Ap å ha stor takhøgd, interne diskusjonar og drøfting av ulike løysingar. Eg kan informere om at det er akkurat slik hos oss også, og eg er sikker på at det er slik i alle parti på øya. Eg er ikkje samd med alle sin politikk, men eg ser at dei etablerte partia på Stord er seriøse.

Eg har sjølvsagd forståing for at Marita Vassnes har trong for å fremja seg sjølv og partiet sitt i Sagvåg. Etter mitt syn er den beste framgangsmåten å ta innbyggjarane på alvor og Ikkje love noko i valkampen du ikkje har fleirtal for i eige parti. Din jobb er no å sørgje for at partiet ditt gjer endringar til det beste for innbyggjarane i Stord. Sjølv om det er i strid med partiet sin ideologi. Lukke til.

Sigbjørn Framnes,
gruppeleiar Stord FrP

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut