annonse

Refleksjonar etter stortingsvalet

Evaluering
Evaluering: Kommunepolitikar Hilde Enstad i Kvinnherad meiner Jonas Gahr Støre bør gå av som partileiar etter valet. Kristian Hus meiner Gahr Støre og andre politikartoppar burde lytta meir til grasrota. Her er Ap sin partileiar då han vitja Stord i sommar. Til høgre Magne Rommetveit. (Foto: Bendik Hystad)

«Grøn glede og raudgul sorg», skreiv avisa Kvinnheringen i eit oppslag etter valet 11. september, medan kommunepolitikar Hilde Enstad i same avis er klar på at leiaren i Arbeidarpartiet bør trekkja seg. Ho tykkjer det har vore for lite snakk om politikk i valkampen og for mykje fokus på personar, skriv Kristian Hus.

  • Meiningar

– Det er ikkje Jonas som er Arbeidarpartiet, men alle vi andre rundt om i landet, seier den tidlegare lokallagsleiaren. Ho meiner òg at Ap slit med ein Oslo-dominans og at partiet difor må sjå etter leiarar utanfor oslogryta.

Som ein politisk interessert observatør trur eg mange støttar denne enkle analysen. Slike hjartesukk frå grasrota må eitkvart parti ta inn over seg. I mange sine auge er Jonas Gahr Støre heller ikkje ein typisk representant for verken grasrota i partiet eller distrikta, snarare ein del av ein politisk elite, som mange ikkje vil vera på lag med. Det viser veljarflukten. Eg tykkjer likevel det blir feil å kalla han ein pariakaste. Slike nedlatande haldningar overfor folk som tener pengar på ærleg arbeid, eller arvar formuen til nære slektningar, er diverre nokså utbreidd her i landet. Om dette er ei generell haldning blant Ap-veljarar, bør Støre vurdera å skifta politisk side og melda seg til teneste som ny utanriksminister. Han har i alle fall eit godt ettermæle frå tida si som statsråd i denne viktige stillinga. Det skal han i det minste ha etter valnederlaget.

Likte Erna betre

Hordaland Ap sin femtekandidat på stortingsvallista, fagforeiningsmannen Leif Sande, seier til Bergens Tidende at dei økonomiske affærane til Jonas Gahr Støre er ei av sakene som skada Ap i valkampen.

– Dei økonomiske transaksjonane var éin ting. Mange likte også Erna betre enn Jonas, ho var hordalendingen, han er Oslo-mann.

Hans K. Mjelva i BT meiner Støre sende ut tydelege signal til veljarane. «Støre er ikkje som deg og meg. Han er rik, og han ter seg som rikfolk flest».

Politisk kommentator i VG, Frithjof Jacobsen har òg si meining: «Mannen som var Norges største politiske stjerne, «Super-Jonas», er nå en vanlig mann. En som prøvde, men ikke fikk det til».

Sett frå sidelinja er det uansett underhaldande å følgja med på alle synspunkta og analysane som kjem fram etter det mange karakteriserer som eit katastrofeval for Arbeidarpartiet. Men å kalla det eit havari, er å gå for langt. Ap kjem heilt sikkert sterkt tilbake i den politiske manesjen.

For min eigen del vurderte eg i år å røysta annleis enn tidlegare. Eg likar til dømes ikkje delar av sentraliseringa som føregår (sjukehusreform, nærpolitireform, tvangssamanslåing av kommunar osv., osv.). Men under vegs i valkampen gjekk eg ifrå den tanken. Ei røyst til partiet eg vurderte, ville vera ei røyst til Jonas & co. viss dei kom til makta, vart eg minna på. Det ville vera i strid med grunnhaldninga mi. Dessutan sleit eg med å få tak i kva dei eigentleg ville i mange viktige saker. Støre blei ofte kalla ein «tåkefyrste», og kanskje med rette.

Skatteauke på 15 milliardar

Dessutan fekk eg inntrykk av at både Støre og andre på stortingsvallista ikkje har særleg sans for det private initiativ. I valkampen heia dei lite på gründerane blant oss. Private sjukeheimar og barnehagar blei framstilte som noko styggedom, i alle fall viss dei tener pengar og får utbyte av investeringane sine. Då er dei kyniske profittørar, ifølgje venstresida. Å snakka ned private aktørar, dei reelle jobbskaparane i samfunnet, har neppe gitt auka oppslutnad om Ap.

Støre ville heller auka skattane våre med inntil 15 milliardar kroner, utan ei tilfredsstillande forklaring på kvifor dette var naudsynt. Kritikken av regjeringa for at dei brukar for mykje av oljefondet, gjekk òg over hovudet på folk flest. Vi «vanlege» veljarar kan ikkje setja oss inn i slike vanskelege spørsmål!

Den stadige klaginga og forsøka på krisemaksimering etter fire år med borgarleg styring, gjekk igjen og igjen, og er ein del av heilskapsinntrykket av valkampen. I TV-debattane stod dei mest profilerte fram og fortalde veljarane kor elendig det stod til – og at det var naudsynt med ein ny kurs. Dei prøvde å spela på ei ikkje-eksisterande misnøye, men mislukkast. At arbeidsløysa går ned, at sysselsetjinga går opp og at optimismen er på veg tilbake i næringslivet, vart så å seia ikkje nemnt. Men folk flest, veljarane, let seg verken påverka eller lura til å tru på svartmålinga.

Analyserer eigen innsats

I ettertid er det meir enn underleg å lesa partitoppane sine analysar av eigen innsats i valkampen, og kvifor mykje gjekk gale. Sjølvransakinga føregår no i fleire parti. Eg trur dei på toppen skulle høyra meir på grasrota i alle samanhengar, slik kommunepolitikar Enstad og mange andre er inne på. Men det er kanskje ikkje så lett for ein politisk elite? Dei er ofte seg sjølve gode nok.

Det skal bli spennande å følgja med på om resultatet etter Stortingsvalet held seg fram mot kommunevalet om to år. Her lokalt er valkampen allereie i gang, fortel Hilde Enstad til avisa. Ho meiner Arbeidarpartiet har dei beste løysingane for Kvinnherad, så no er det berre å stå på som berre det fram mot kommunevalet, seier ho. Om to år får ho svaret på om veljarane er einige i ein slik påstand.

Den som lever får sjå!

Kristian Hus,
Husnes

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut