annonse

Reformasjon, halloween og litt anna

Viktig dag
Viktig dag: Pastor Jens Thoresen i Kristkyrkja minner om at det er 500 år sidan Martin Luther spikra opp dei 95 tesane som reformerte kyrkja. (Foto: PER EGIL LARSEN / ARKIV)

Den 31. oktober er ein stor dag for mange. Nokre av oss vil markera at det er 500 år sidan Martin Luther spikra opp dei berømte 95 tesane mot avlat på slottskyrkjedøra i Wittenberg. Andre vil denne dagen kle seg ut som «dødens brud» og feira halloween, skriv Jens Thoresen.

  • Meiningar

Eg er redd at folk flest bryr seg mest om halloween, men dei burde brydd seg mest om reformasjonen.

Sanninga er at Martin Luther ikkje berre starta ein reformasjon, men ein revolusjon. Samfunnet i Nord Europa vart grunnleggjande endra som eit resultat av stuntet frå augustinarmunken i Wittenberg 31. oktober 1517, kyrkja, økonomien, arbeidslivet, vitskapen, kunsten, kulturen og politikken, alt tok ei ny retning. Det vestlege demokratiet og kapitalismen vaks utan tvil fram på tuftene av reformasjonen, like eins det som etter kvart skulle bli eit utbygd skule og utdanningssystem. Martin Luther sette individet i sentrum, og markerte at vanlege menneske har same verdi, status og rettar innfor Gud som munkar, prestar, biskopar og pavar.

Dette var inga ny sanning, den var henta frå Bibelen, men det var ei sanning som kyrkja hadde undertrykt gjennom heile Middelalderen. Ja, det gjekk så langt at pave Innosens III i 1199 la ned forbod mot å omsetja Bibelen til nye språk, og som om det ikkje var nok, vanlege folk fekk heller ikkje lov å lesa i han. Slik heldt den katolske kyrkja folket nede i vankunna. Det handla om makt. Kunnskap er makt.

Martin Luther omsette Bibelen til tysk, løfta vanlege folk opp og markerte at alle truande faktisk er prestar som har rett og plikt til å forkynna Guds ord. Den einaste ordinasjonen han kjende til var dåpen.

Luther markerte at kyrkja ikkje er eit makthierarki, men ei samling av truande menneske som elskar kvarandre.

Den nye religiøse fridomen som Luther formidla, byrja etter kvart å smitta over på andre samfunnsområde, og effekten ser me den dag i dag. Blant verdas land har Nord- Europa og Nord-Amerika dei siste 500 åra sete i førarsete omtrent på alle samfunnsområde.

Men det underlege er at i dag er det ingen andre land i verda som i så stor grad i dag snur Martin Luthers Gud ryggen som dei vestlege landa, trass i alle velsigningar dei har hausta av denne mannens verk.

Resultata ser me tydlegare og tydlegare: Det går tilbake med rettsinnet. Me ser stadig nye nivå av korrupsjon i næringsliv og politikk, skattesvik, svarte pengar, mafiaverksemd, doping og juks i idretten, vald i nære relasjonar, seksuell trakassering, fri sex, fri abort og likekjønna ekteskap, alt ting som trugar folks lukke og nasjonens framtid.

Den 31. oktober feirar nokon av oss 500 årsjubileet for reformasjonen. Martin Luthers nyoppdaging av det kristne evangelium førte liv og fridom ut til folket, og generasjon etter generasjon har av den grunn fått møta Gud som Far og Jesus som frelsar. Og ein sommardag i 1974 hende det også meg. Gud synte meg at etter Jesu død på krossen kunne ingenting lenger hindra oss i å ha fellesskap med kvarandre. Då flytta himmelen inn i meg. Det vart liv i ei død sjel.

Det er rart at dagen for vår store 500-årsfeiring fell saman med halloween, der jentebarn over heile landet i år blir utfordra til å kle seg ut som «dødens brud». Det høyrest veldig heidensk ut, og er vel eit symptom på at landet og folket vårt igjen treng å høyra og forstå livsens evangelium, venda seg bort frå djevelens løgner og koma tilbake til Gud og hans ord, og erfara den enorme frigjerande krafta som er i dette. Reformasjonen er ei feiring verd.

Jens Thoresen,
pastor i Kristkyrkja på Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut