annonse

«Regjeringa sviktar industrien i Sunnhordland»

Kritisk
Kritisk: Magne Rommetveit (Ap) er svært kritisk til regjeringa, som har endra permitteringsreglane, noko som mellom anna vil råka industriverksemdene i Sunnhordland. (Foto: Olav Røli)

  • Meiningar

Regjeringa og regjeringspartia skryt av at dei er bedriftsvennlege. Det er heilt feil. Lettene som er gitt til næringslivet kjem først og fremst eigarane til gode, og ikkje bedriftene. Det ser ikkje ut for at regjeringa ser denne store forskjellen. Difor har også Norsk Industri og andre nyleg vore ute og kritisert regjeringa.

Det blir satsa for lite på å få folk inn i arbeidslivet, og for å gjera dei som er i arbeidslivet meir kvalifiserte for framtida og gjennom det skapa betre bedrifter. Ein kompetent arbeidsstokk gjer det mogeleg med flate strukturar der folk ikkje blir bundne til ei og ei oppgåve, men der dei tilsette er fleirfaglege. Det er dette som blir så høgt verdsett av utanlandske investorar som kjem til Norge.

Arbeidarpartiet la difor i sitt alternative budsjett til grunn ein langt sterkare vekst i arbeidsmarknadstiltak enn det regjeringa og Kristeleg Folkeparti gjorde.

Konjunkturar

I statsbudsjettet for 2019 vedtok stortingsfleirtalet med regjeringspartia og KrF å reversera den perioden ein kan vera permittert til 26 veker. Vidare føreslo dei å innføra ein ny modell for berekning av dagpengar som vil gje lågare ytingar. Oppå alt dette blei det ført forhandlingar med KrF som resulterte i at arbeidsgjevarperioden blei utvida frå 10 til 15 dagar. Alle desse endringane vil gjera det mindre attraktivt for arbeidsgjevarar å bruka permittering i staden for å seia opp folk. Det blir kort og godt for dyrt.

Same kvelden som Stortinget debatterte Arbeids- og sosialkomiteen si budsjettinnstilling, torsdag 13. desember, mottok eg eit brev frå Atheno, underskrive av direktørane ved Leirvik as, Kværner Stord, Westcon Yards, Advantec GE, Wartsila og Industriklyngja i Sunnhordland. Der står det mellom anna: «Forutsigbart permitteringsregelverk, med videreføringer av dagens ordninger, er et av de viktigste rammevilkår industrien trenger for å beholde konkurranseevnen.»

Høgre-regjeringa grunngjev reduksjonen i permitteringsrettane med den såkalla innelåsingseffekten. Med det meiner dei at det blir feil når ein verdi for samfunnet – arbeidskrafta – blir låst til ein arbeidsgjevar samtidig som kanskje det er fleire som etterspør den same arbeidskrafta. Dette er det liberalistiske synet. Det sosialdemokratiske er samspelet mellom det offentlege og det private.

Me lever i ei konjunkturutsett verd med opp- og nedturar. Kven som tener pengar eller ikkje blir ikkje berre bestemt av skattar eller innsatsen til bedrifta, men like mykje av konjunkturane. Viss me kunne fått bedriftene ut av slike bølgjedalar betre rusta enn dei var før nedturen kom, så hadde det vore ein stor gevinst. Difor er det så viktig med gode permitteringsordningar. Me bør heller sjå på korleis me kan gjera permitteringsordningane betre enn i dag, framfor å svekkja dei. For eksempel gjennom å opna meir for kompetanseoppbygging i permitteringsperioden.

Store kostnader

At det er mogeleg å permittera folk er eit uttrykk for den nordiske trepartsmodellen på sitt beste. Bedrifter som møter ein forbigåande periode der inntektene er reduserte, blir fritekne frå lønspliktene i denne perioden og staten tek over. Dette gjer at dei tilsette kan oppretthalda eit forhold til arbeidsgjevaren med ei redusert, men likevel rimeleg inntekt, og ikkje minst også ha ein jobb å gå tilbake til når oppdraga kjem. For arbeidsgjevaren betyr dette reduserte lønsutgifter samtidig som dei kan behalda alle verdiane som er investert i verdifull og kompetent arbeidskraft.

Opplæringskostnadene varierer i ei bedrift, men dei kan vera temmeleg store. Dette er utgifter som arbeidsgjevaren kan spara om staten hjelper han til å halda på arbeidskrafta i ein periode utan inntening.

For Høgreregjeringa er dette tydelegvis underordna. For dei er den liberalistiske tanken om at arbeidskraft skal vera fritt tilgjengeleg på marknaden rådande, utan bindingar til noko finansiert frå fellesskapet gjennom det offentlege. Dei bryr seg ikkje om at arbeidsgjevarar kan ha eit behov for å sikra dei store investeringane dei har gjort i arbeidarane sine. Difor har dei også skjerpa kravet til å flytta dersom det er mogeleg å få seg jobb andre stadar i landet. Denne politikken er eit tap for lokalsamfunn, familiar, arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Og for staten kostar det det same om du er permittert eller om du er arbeidsledig og går på dagpengar.

Det var også denne politikken som gjorde at regjeringa kom så seint på banen i samband med oljenedturen. Først i 2016 gjekk dei med på å utvida den mogelege lengda på permittering til 49 veker, og då etter trussel om streik i frontfaget.

Ikkje føreseielege vilkår

Arbeidsministeren gjorde i stortingsdebatten eit poeng av at det berre var dei to organisasjonane LO og NHO som støtta kravet om utvida permitteringsperiode, og ho viste til at det var 6 andre organisasjonar som var imot utviding. Men det ho gløymde å seie, var at LO og NHO representerer om lag 90 prosent av dei organiserte innan det aktuelle området.

I Stortingsdebatten forsvarte fleire av Høgrefolka regjeringa sine forslag med at me må gje industrien føreseielege vilkår.

Eg vil påstå at eg kjenner den oljeretta industrien i Sunnhordland så godt at det klart kan slåast fast at det som regjeringspartia her gjer med permitteringsregelverket, ikkje i det heile er føreseielege vilkår. I brevet frå bedriftsleiarane i Sunnhordland, der både arbeidsministeren og Stortinget blei gjort kjende med det alvorlege innhaldet, skriv dei mellom anna:

«Konsekvensane av at permitteringsregelverket vert endra kan få katastrofale følgjer for enkelte bedrifter, der valet vert å gå til oppseiing av kjernekompetanse, som igjen fører til at grunnlaget for framleis drift ikkje er til stades.»

Kort og godt: Regjeringa og Høgre, Frp, Venstre og KrF i Stortinget høyrer ikkje på industrien i Sunnhordland. Og det trass i at Sunnhordlandsindustrien kjem med så klare åtvaringar om kva som er i ferd med å skje.

Magne Rommetveit,
stortingsrepresentant Ap

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut