annonse

«Regjeringsplattforma – nokre spørsmål til Eskeland»

Ny regjeringsplattform
Ny regjeringsplattform: Liv Kari Eskeland, her med statsråd Jon Georg Dale og Helge Eidsnes i Statens vegvesen, nyleg. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

  • Meiningar

Frp, Høgre, Venste og Krf har lagt fram ny regjeringsplattform. Høgre si stortingsgruppe har etter det om vert meldt, samrøystes godkjent plattforma. Eg legg til grunn for spørsmåla til Eskeland at ho har grundig kjennskap til innhaldet i plattforma og har vurdert konsekvensane av dei ulike punkta. Par, gifte eller sambuarar, som søkjer om assistert befruktning, må etter gjeldande reglar gå gjennom ei medisinsk og psykologisk undersøking hos lege. Etter endringane i plattforma må no par med eige egg og sæd og som i lang tid har prøvd å bli gravide på «vanleg» måte, i tillegg leggja fram politiattest og omsorgsattest for at søknad om assistet befruktning skal bli godkjent. Spørsmål: Kva erfaring med og ev.forsking på noverande ordning gjer at Eskeland går inn for denne innskjerpinga? Kva skal ei omsorgsattest innehalda, og kva innstansar, kommunale/statlege, skal vera med og arbeida ut slik omsorgsattest? Åshild Bruun-Gundersen, sosialpolitisk talsperson i Frp, grunngjev dei nye reglane med at «staten skal ikke bidra til at overgripere får barn». Spørsmål: Deler Eskeland denne grunngjevinga for endringa?

I eit anna punkt i plattfoma heiter det at regjeringa vil «innføre en plikt for foreldrene til å informere barnet dersom det er unnfanget gjennom assistert befruktning for å ivareta barnets rett til å kjenne sitt biologiske opphav». Spørsmål: Kvifor meiner Eskeland det er større grunn for å påleggja foreldre som får barn gjennom assistert befruktning å informera barnet enn å påleggja slik plikt for oss andre som har fått/får barn? Eg må igjen understreka at det gjeld par som vert gravide med eige egg og eigen sæd, men som treng litt hjelp med den «tekniske koblinga».

Eit siste spørsmål til Eskeland: Korleis tenkjer ho seg at ei slik informasjonsplikt skal følgjast opp og kontrollerast?

Magne Misje,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut