annonse

Repetisjon frå Kjellbjørg Lunde

REPETISJON
REPETISJON: – Me har ingen planar om å svi av enda meir av innbyggjarane sine pengar på kommunale klimatiltak med effekt som knapt kan målast – anna enn på at kommuneøkonomien vert enda dårlegare, skriv Sigbjørn Framnes (Frp) i svar til Kjellbjørg Lunde (SV). (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

  • Meiningar

Svar på Kjellbjørg Lunde sitt innlegg 10. juli.

Frp er motstandar av fylket som offentleg nivå, så regionsreforma er eit steg i rett retning. På fylkesnivå har me ikkje vore pådrivar, det ligg hos samarbeidspartnarane til SV, Ap og Sp. Sentralt rettar ein seg etter lokale samanslåingsvedtak – sjølvsagt. Me er ikkje partiet for å køyre over dei lokale i ein frivillig samanslåing. SV får drive med sin ideologi, medan me driv med pragmatisk politikk.

Det er lite som skil SV og Frp meir enn synet på skatt. Avspelinga om å gje skattelette til «dei som har mest frå før» går på repetisjon frå Lunde og hennar sosialistiske vener. Om lag halvparten av skatteletten kjem dei som har gjennomsnittleg og lågare løner til gode, men det er heilt naturleg at dei som betalar mest skatt også nyt godt av dette. Dei betaler framleis mest skatt, så Lunde treng ikkje uroa seg. Lunde tek også feil når ho seier at skattelette er noko ein gir. Skattelette er at ein tar mindre pengar frå folk. Det er nemleg dine pengar, ikkje Lunde sine. Me har respekt for folk sine hardt opptente midlar. Her står me i rak motsetnad til Lunde og SV.

Når det gjeld klima så er jo nettopp ferjefri E39 i eit framifrå klimatiltak. Flytrafikken mellom dei to byane Bergen og Stavanger vil gå mot null når ein kan ta turen i buss på 2,5 timar. Trafikken skal verta utsleppsfri – så det er uproblematisk. Elles er argumentasjonen frå Lunde til forveksling lik den ho brukte mot Trekantsambandet – den er like feil i dag som då.

Til sist forstår me godt kvifor kommunen er i slik elendig økonomisk forfatning. Lunde har heilt rett, me i Stord Frp meiner at me skal følgje sentrale føringar når det gjeld klima og miljø. Me har ingen planar om å svi av enda meir av innbyggjarane sine pengar på kommunale klimatiltak med effekt som knapt kan målast – anna enn på at kommuneøkonomien vert enda dårlegare. Får SV viljen sin i Stord også dei neste 4 åra vil eigedomsskatten vera på makssats om fire år.

Vinn Stord Frp valet skal eigedomsskatten ned til 2018-nivå alt i 2020-budsjettet, og kuttast med minst 60 % til 1 promille innan 2023. Me veit det er mogeleg–Os har vist veg.

Sigbjørn Framnes
Ordførarkandidat Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut