annonse

Sammen – saman

Sammen. Og i kantina
Meiningar: Spis sammen. Vert det målpris av slikt? Og dette skal kallast Høgskulen på Vestlandet?! spør Tore Økland. (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

39 lærarar + ein ektefelle samlast på HVL laurdag 14. september til 45-års jubileum. Det var 7. gongen me var samla. Bladet Sunnhordland dokumenterte 40-års jubileet på ein god måte. Åshild Grov var sjef for samlinga og hadde fått «barna» Anders og Aslaug til å orientera om IKT- læringa i framtidsskulen.

Etterpå orienteringa var det mat i kantina og så samling på Almaas Hotell Stord AS. Der vart me teken vare på ein god måte, og mange av lærarane hadde gode innslag. Betre måte å møtast på ein sur haustdag, finst ikkje.

Saman hadde me det topp. Me åt saman, song saman og snakka saman som det høvde seg på eit hotell som tidlegare hadde fått målprisen. Det blir det ei stund til Høgskulen får.

Kva møtte meg då eg såg opp på elevheimen? Jau ordet: Sammen. Og i kantina: Spis sammen. Vert det målpris av slikt? Og dette skal kallast Høgskulen på Vestlandet?!

Dagens ros til: Åshild Grov som hadde fått skikk på barna denne laurdagen.

Dagens ris til: Høgskulen på Vestlandet for bruk av bokmål i nynorskkommunen Stord.

Helsing Tore Økland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut