annonse

Seglneset AS

Engasjert
Engasjert: Svein-Egil N. Johansen (heilt til høgre) var tilskodar i sist formannskap på Stord. (Foto: Marius Knutsen)

Vyrde ordførar.

  • Meiningar

Eg har no i fleire dagar stilt spørsmål til politikarar i Stord kommune om bakgrunnen for å bruka 17 mill. kr på kjøp av Seglneset AS. Eg får berre svada svar om at dette er miljøretta arbeidsplassar, miljømål i tillegg til at det er særs gode mogelegheiter for å tene pengar på dette.

For alle andre utanforståande skjønnar ikkje kvifor Stord kommune absolutt lyt kjøpa denne tomta. Sidan ingen svarar skikkeleg, så lyt eg berre spekulera på kva som kan ha skjedd her;

Jan Kåre Pedersen har under forhandlingane forlangt at Stord kommune kjøper Seglneset AS. Om Stord kommune ikkje gjer det, så vil eg ikkje byggja dette anlegget på kiskaien, og tar heller arbeidsplassar og anlegg med til Årskog på Fitjar. Dei vil jo ha oss. (Eg finn diverre ingen anna forklaring på denne galskapen på bruk av 17 mill. av våre pengar)

Om så skulle vera tilfelle, så vil dette kunne verta råka av straffelovens paragraf 276a, som omhandlar korrupsjon, for då er det brukt «utilbørleg» press i høve til lova. Og då er det ikkje forskjell på «tjuv» eller «helar».

Eg vonar sjølvsagt at mine spekulasjonar ikkje stemmer, så om du kan koma ei forklaring på bruken av 17 mill. av våre felles midlar i denne saka, så set eg pris på det.

Svein-Egil N. Johansen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut