annonse

«Seksuelle overgrep hender oftare og nærare enn me trur»

Seksuelle overgrep
Seksuelle overgrep: «Alle barn skal læra at dei har rett til å vera trygge», skriv Trine Gravdal i Redd Barna Stord. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Meiningar

For eitt år sidan gav animasjonsfilmane «Kroppen min eier jeg», som vart vist på NRK Super, barn over heile Noreg kunnskap om kva overgrep er, at dei har rett på hjelp, og kvar dei kan melde ifrå. Mange barn har sett filmane, og skular over heile landet har teke i bruk Redd Barna sitt undervisningsopplegg knytt til filmane. Vi ser at det verkar. Vi høyrer frå politi, barnehus og barnevern at mange barn melder ifrå og får hjelp etter å ha sett filmane heime eller på skulen.

Vi veit at nokre barn lever i større risiko for å bli utsett for overgrep. Ifølgje internasjonal forsking er det nesten tre gonger større sjanse for at barn med funksjonsnedsettingar opplever seksuelle overgrep. Dette er det fleire årsaker til. Det kan vere funksjonsnedsettinga i seg sjølv som gjer det vanskeleg å kome unna eller seie ifrå. Det kan vere manglande kunnskap blant vaksne slik at dei mistolkar teikn på vald og overgrep som noko som har med funksjonsnedsettinga å gjere. Det kan vere fordi hjelpeapparatet ikkje er tilgjengeleg for barna, at det ikkje er mogeleg for dei å ringe alarmtelefonen eller kome seg til politiet. Og det handlar om at dei ikkje har fått nok kunnskap om kropp, grenser og seksualitet.

I Sunnhordland skal alle barn få kunnskap om kva seksuelle overgrep er, og dei skal vite korleis dei kan seie ifrå om dei blir utsett. ALLE barn skal lære at dei har rett til å vere trygge, dei skal vite kvar dei kan få hjelp, og dei skal bli sett, høyrt og trudd.

Her treng vi fleire med på laget. Anten du jobbar med barn, treff barn på fritida eller har eigne barn – du kan vere ein trygg vaksen for barn rundt deg og vere med på å gje barna som bur her kunnskap som vernar. Ver med og sei #JegErHer!

Trine Gravdal,
leiar Redd Barna Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut