annonse

«Ser de ikkje galskapen?»

Kritisk
Kritisk: «Alt dette berre for å spara nokre skarve minutt over fjorden, skriv Stein Stendahl. (Foto: Ingvild Eide)

Rommetveit Båtlag er 50 år i år. I jubileumsgåve frå det offentlege får me visst eit ferjestø som næraste nabo, eit ferjestø som ingen ynskjer, aller minst det 500 medlemmene i båtlaget og dei råka grunneigarane.

  • Meiningar

Ingen vil ha dette støet! Heller ikkje dei fleste partia i Stord kommune ynskjer dette velkommen, og har sagt nei til fleire ferjestø ein gong før. Likevel kjem dette opp no. Kva slags demokrati er no dette? Kan me ikkje stola på desse politiske vedtaka og lovnadene? Kva er det som har endra seg? Jo, politikarane har no fått føre seg at skal Stord halda stillinga som regionssenter lyt me ha med oss kvinnheringane.

Men Kvinnherad vil berre vera med om Stord byggjer nytt ferjestø åt dei der overfarten vert kortast. Då slepp dei å gjera noko på si side av fjorden. Stordpolitikarane skal altså kjøpa seg goodwill med å ofra ei av sine finaste perler, Sævarhagsvikjo, med dei verneverdiane som finst der. Og dette prosjektet er berre ei mellombels løysing til det kjem bru over nuen. Galskap er kva eg vil kalla det.

Rommetveit Båtlag har bygd opp eit særs flott og fungerande anlegg til gagn og glede for ibuarane i kommunen. Dette har laget gjort med dugnadsinnsats og eigne midlar. Det er ikkje motteke offentlege midlar og ikkje privat sponsing frå næringslivet. Alt dette er skapt av medlemmene sjølv med tusenvis av dugnadstimar. Ta dykk ein tur i hamna og sjå kva me har fått til før de tek avgjersler som alle vil angra på om nokre år når brua kjem og trafikkbiletet vert totalt endra. Då vil dette ferjestøet stå som eit monument over dårskapen.

Meiningar: Prosessen for nytt ferjesamband

Det vert uttala i utgreiingane at «det vert ikkje nokre store inngrep i omgjevnadene, alt skal liggja på utsida av moloen». Det er gjort konsekvensanalyse over raudlista vekstar og dyreliv, men kor er konsekvensutgreiinga for påverknadene og ulempene for båthamna? Den har de gløymt! Kva med støv og støyplagene for dei som ferdast i hamna? Biltrafikk fører med seg griseri av vegstøv og salt som kjem til å leggja seg på båtane. Kva med risikoen i trafikken for alle dei som brukar vegen til og frå hamna? Her ferdast barnehageborn i store flokkar, eldre folk spaserer på moloen eller i Hystadmarkjo, og folk frå ymse institusjonar brukar hamna og området på sine daglege turar. Ingen har greia ut desse ulempene. Men når de alt har sett til side påverknadene på fuglelivet i stranda frå aukande trafikk, så bryr de dykk vel ikkje om folk heller. Og alt dette berre for å spara nokre skarve minutt over fjorden. Ser de ikkje galskapen?

Meiningar: Ferjekai i Sævarhagsvikjo – kva har endra seg?

Godtfolk! Det er ingen skam å snu! Men båtlaget kan godt hjelpa dykk i snuoperasjonen med å starta ein underskriftskampanje. Det plar dei fleste vettuge politikarar andre stader i landet å bry seg om. Korleis er det på Stord er me meir usikre på.

Stein Stendahl

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut