annonse

SFO for alle

SFO for alle
SFO for alle: Alle partia har svikta med å prioritere SFO. Det er difor vi må ta eit reelt tak framover, skriv Marita Vassnes (biletet) og Katrin I. Ankervold i Stord Ap. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Meiningar

Øyvind Johnsen har kasta hansken, og me vil plukke den opp. I eit velformulert innlegg fredag 29. mars stiller han spørsmål til kvar Stord kommune bør investere for å auke attraktiviteten. Når det kjem til å gjere Stord kommune meir attraktiv for småbarnsfamiliar, er me heilt einige om at det er viktig med rimeleg og godt SFO-tilbod. På det området har, som Johnsen påpeiker, alle partia svikta.

Først eit lite tilbakeblikk. I 2015, mot slutten av førre periode, gjekk kommunestyret inn for sjølvkost og reduksjon av bemanninga ved SFO. Dette var for å effektivisere drifta, samt redusere kostnadane for kommunen. Arbeidarpartiet og SV var dei einaste partia som stemte mot, og la fram tre alternative måtar for å dekke utgiftene og bevare kostnadsmodellen slik den var. Med sjølvkostmodellen har vi sett ein endring i tilbod og auking av pris. To år seinare var sjølvkostmodellen på høyring, og fleire skular melde ei bekymring for at bemanninga ikkje var tilstrekkeleg for å kunne leggje til rette for ulike aktivitetar. Fleire som tidlegare hadde varmmat i SFO, har måtte ta tilbake tilbodet. Samstundes kan me sjå hos kommunar det er naturleg å samanlikne oss med, at me er omtrent like når det kjem til bemanning.

Prisauken har vekt bekymring for om fleire familiar ser seg nøydde til å velje bort tilbodet. I 2017 kunne ikkje rådmannen sjå ut frå tala at færre familiar nyttar tilbodet, men ein har sett at færre 3. og 4.-klassingar er på SFO.

Kommunen har dei siste tre åra gjennomgått tunge budsjettrundar, kor den stramme kommuneøkonomien har tvunge politikarar til å redusere kostnader og effektivisere drifta ytterlegare. Dette har gjort det vanskeleg å sette inn midlar for å gjere SFO rimelegare. Sjølv om Johnsen utfordrar oss til å ikkje sjå austover, kan ein ikkje fornekte det faktum at ein regjering har påverknad på kommuneøkonomi. Det er difor synd å sjå at me har ei regjering som ikkje prioriterer velferdsstaten meir. Me lyttar til tilbakemeldingane og signala frå befolkninga, og tar det alvorleg.

SFO er ein viktig arena for kulturformidling og individuell utvikling hos dei yngste skuleborna. Gjennom leik og utforsking kan ein vekke nysgjerrigheit og stimulere læring. Det krev dyktige og kompetente vaksne som gjennom omsorg og pedagogisk forankring kan leggje til rette for at borna får eit innhaldsrikt og stimulerande miljø. Dette er sentrale prinsipp for våre verdiar i samfunnet.

For å løfte aktivitetsinnhaldet i SFO innførte me eit samarbeid med idrettslinja frå Stord vidaregåande skule. Me har sett eit betydeleg løft av aktivitetsnivået hos dei skulane som er med på dette samarbeidet. Vidare ynskjer me å jobbe for å vidareføre og utvide aktivitetstilbod, blant anna i samarbeid med kulturskulen, høgskulen og gjerne idrettslag og andre frivillige organisasjonar.

Johnsen nemner satsinga ein har gjort med kunst på torget, og aktivitetsområdet utanfor Rådhuset, og set desse investeringane opp mot SFO-tilbodet. Han argumenterer med at pengane ein har brukt kunne vore spart til SFO. Det blir diverre feil å sette ulike område opp mot kvarandre. Politikarar må sjå kommunen som heilskap, og då kan ein ikkje ekskludere kunst og kultur som ein naudsynt investering for å gjere kommunen meir attraktiv.

Det er rett at SFO er ein viktig førebyggjande arena for barn. Stord kommune har likevel satsa mykje på førebygging dei siste åra. Folkehelsekoordinatoren gjer ein formidabel innsats for store og små i heile kommunen. SLT-koordinatoren jobbar tett med ungdommar og hjelper dei ut frå dårlege miljø og vanskelege situasjonar, eller rustar dei til å ta gode val. Prosjektet «Inkluderande Barnehage og Skule» var eit politisk initiativ som òg jobbar med fleire førebyggjande tiltak i alle skular og barnehagar i kommunen.

Me er alle einig i at SFO er ein viktig arena for førebygging og fellesskap, og at me ynskjer meir sosiale prisar. Alle partia har svikta med å prioritere SFO. Det er difor vi må ta eit reelt tak framover. I vidare arbeid vil me innføre søskenmoderasjon, auke aktivitetstilbodet gjennom fleire aktuelle samarbeidspartnarar, og eventuelt innføre et innbyggjarutval for å få innspel til vidare utvikling.

Marita Vassnes,
varaordførarkandidat for Stord Arbeidarparti

Katrin I. Ankervold,
leiar av Stord Arbeidarparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut