annonse

«Situasjonen er ikkje haldbar»

Overfylt
Overfylt: Ein overfylt Langeland skule skapar problem, og innbyggjarar i Hornelandsvågen-området er lite glade over forslaget om å flytta ungane over til Tjødnalio skule. (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

Torsdag 31. august kom rådmannen i Stord kommune ut med eit høyringsforslag om nye skulekrinsgrenser der det var skissert to alternativ:

1. Elevar i bustadfelta Hornelandsvågen, Heiane sør/Horneland og Hatlandsåsen skal sokne til Tjødnalio skule. Dette alternativet opnar for at elevar som har søsken som går på Langeland skule kan bli tildelt Langeland skule som nærskule.

2. Berre elevane som bur i bustadfelta Hornelandsvågen og Hatlandsåsen skal sokne til Tjødnalio skule. Dette alternativet gir ikkje rom for at elevar kan gå på same skule som søskena, dersom dei går på Langeland skule.

Rådmannen tilrår at ein går får alternativ 1 slik at det er plass til søsken av noverande elevar med noverande kapasitet på Langeland skule.

Nærskuleprinsippet

I høyringsdokumenta er det referert til opplæringslova § 8–1 som lyder som følgjer: «Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til».

Her er altså rådmannen si tolking at den første setninga her gir rom til kommunen for å endra skulekrinsgrensene for å tilpassa dette til kapasiteten på skulane om det er slik at kommunen hamnar i ein skvis på grunn av dårleg planlegging av bustadområde og utbygging.

At Langeland skule ville bli full er eit problem Stord kommune og politikarane har visst om i mange år, og for seks år sidan var fleire bekymra foreldre framme i lokalavisa for å få politikarane på banen om den planlagte skulen i Hatlandsåsen. For å få klarhet i korleis ein skulle tolka denne lovteksten tok me ein telefon til Fylkesmannens kontor der me får beskjed om at den første setninga ikkje skal tolkast som eit anten/eller slik som kommunen her har gjort, og inntrykket var at representanten for kontoret var overraska av at Stord kommune hadde tolka det slik. I tillegg til to prinsipputsegn frå Utdanningsdirektoratet har det også komme ein tolkingsuttalelse fra Utdanningsdirektoratet i 2014 der det står følgande: «Som påpekt over, skal forskrift om kretsgrenser være i samsvar med nærskoleprinsippet slik det kan tolkes ut fra lov og forarbeider, jf. § 8–1 første ledd første punkt, i tillegg til NOU: 18 1995 og Ot.prp. nr. 46 (1998-1999). Det ligger ikke innenfor det kommunale handlingsrom eller selvstyre å fastsette forskrifter i strid med nærskoleprinsippet.» Sidan me er i tvil om dette er nok for å overtyda kommunen om at forslaget til forskrift er ulovleg kan me fortsetta litt til.

Les også: Mobiliserer mot høyringsfristen 4. oktober

Geografi og topografi

I høyringsdokumentet står det fleire sitat fra prinsipputtalelsen fra Utdanningsdirektoratet til Fylkesmannen i Buskerud (21.09.09), deriblant at «Forskrift om skolekretsgrenser skal være en funksjon av hvordan nærskoleprinsippet skal ivaretas for den enkelte elev i kommunen». I neste avsnitt står det «En forskrift vil derfor være klarest der den legger vekt på objektive forhold som geografi og topografi.» Born nedst i Hornelandsvågen har i dag ca. 3.5 km til Langeland skule, hadde hatt 4.8 km til Leirvik skule og vil få 5.4 km til Tjødnalio skule. I høyringsdokumentet fra rådmannen står det også at «for alle bustadfelta talar geografimomentet for at Langeland skule er deira nærskule». Det er me einige i. Når det gjeld topografi står det «Det mest fratredande topografiske skiljet mellom Langeland skule og Tjødnalio skule er kanskje E-39 mot Bømlafjordtunellen». Der også er me einige. Geografi og topografi er altså ikkje argument for å endra på skulekrinsgrensene og i forhold til prinsipputtalane fra Utdanningsdirektoratet er altså ei eventuell forskrift ikkje klar og basert på objektive forhold som geografi og topografi. Når det gjelder kva som er nærskule for ungdomsskuleelevane så står det i høyringsdokumentet at elevar fra dei aktuelle bustadområda skal ha Stord ungdomsskule som sin nærskule, sjølv om dei har Tjødnalio som barneskule. I grunngjevinga for at elevane fra nemnde bustadområde skal høyra til Stord ungdomsskule, trekkjer rådmannen fram det naturlege geografisk skilje ved E-39 mot Bømlafjordtunellen pga. geografiske og topografiske forhold, det same som ein ser bort frå når ein skal setta opp nye skulekrinsgrenser for barneskulane. Ein kan undrast.

Langeland skule er full

I høyringsdokumentet står det «Det er kapasiteten på Langeland skule som er bakgrunnen for at justeringa av grensene vert teke opp.»

Det er tre krav til kva som gjer at ein skule kan sjåast på som full, og rådmannen vurderer det slik at Langeland skule er både skjønnsmessig, pedagogisk og bygningsmessig full. Dette er me heller ikkje i tvil om. Kapasiteten på Langeland er i dag ikkje tilstrekkeleg, og det er løysinga på problemet me er usamde i.

Eit avsnitt fra prinsipputtalelsen fra Utdanningsdirektoratet som høyringsdokumentet ikkje siterer er som følgjer: «I nærskolesaker, og ved fastsettelse av forskrift om skolekretsgrenser, kan det i utgangspunktet ikke legges vekt på fremtidige kapasitetsproblemer, uansett hvor dokumentert disse skulle vise seg å være». Altså i utgangspunktet så kan ein ikkje bruka kapasitetsmangelen på Langeland i framtida som argument for å komma med ei forskrift som endrar skulekrinsgrensene.

Les også: Hevdar nye krinsgrenser splittar opp nabolag

Det som kommunen har brukt i prinsipputtalelsen for å argumentere for endra skulekrinsgrenser er den utheva delen av følgjande avsnitt: «I byen kan ofte trafikale- eller bygningstekniske forhold tilsi at en skole ikke kan bygges ut. I tillegg kan eksisterende boligområder oppleve generasjonsendringer med økt barnetetthet, noe som er utenfor kommunens kontroll, i motsetning til utlegging av nye boligområder. Dette kan sprenge kapasiteten på den enkelte skole. Ettersom forarbeidene åpner for at kapasitet kan være et hensyn det kan legges vekt på i praktiseringen av nærskoleprinsippet, vil en forskrift om kretsgrenser som legger vekt på kapasitet etter en nærmere vurdering kunne være lovlig.»

Kommunen har då sitert berre den siste delen av dette, men ikkje den øvste som legg vekt på at det må ha skjedd noko som har vore utenfor kommunens kontroll. Stord kommune har tillate utbygging i Kåreviksmarkjo, Hornelandsvågen, Hatlandsåsen, Olderdalen osv. og har visst om dette problemet lenge før det no er så kritisk at noko må gjerast. Dette er altså ikkje noko som har vore utenfor kommunens kontroll.

Løysing

Me innser at denne «knipa» kommunen har sett seg i ikkje nødvendigvis er noko enkel sak å løyse, men det me er samde om er at det ikkje er grunnlag for å endre skulekrinsgrensene til det som er foreslått. Me vil tru at for kven som helst ser det at å senda barnet sitt til den 3. nærmaste barneskulen som «nærskule» ikkje gjev noko meining. Venstre har komme med forslag om å bruka modulbygg på ei av kommunen sine tomter i Kåreviksmarkjo, og elles har Fronta komme med tilbod om løysing med skule i Hatlandsåsen. Kva løysing kommunen går for veit me ikkje, men om løysinga om å endre skulekrinsgrensene i det heile tatt skulle visa seg å vera lovleg, noko me vil bestride, så er den ikkje haldbar for nokre av familiane i Hornelandsvågen.

På vegner av Vågavegen vel

Robert Brandvik,
leiar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut