annonse

«Sjukeheimsbløffen»

Bløff
Bløff: Marte Tveita Djuvsland i Stord Frp meiner regjeringa leverer det dei lovar, og at dei raudgrøne bløffar når dei fokuserer på kor mange nye rom det kjem når nye Stord sjukeheim er klar. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Me i Stord Frp er kjempeglade for at det no er bygd ny sjukeheim. Dette hadde vore svært vanskeleg å realisere om ikkje regjeringa hadde innført ekstraordinært gode støtteordningar. Statleg tilskot er 50 prosent av kostnadane, i tillegg kjem momskompensasjon. Me ser altså at regjeringa leverer pengane!

Bløffen til dei raudgrøne ligg sjølvsagt i at dei heile tida snakkar om talet på nye rom. Dei snakkar mindre om den ekte auken. Den nye sjukeheimen har 48 nye rom. Tyder det at me kan tilby 48 nye sjukeheimsplassar? Nei! Me fasar inn 5 i året – for kommunen har så elendig økonomi! Det vil då ta ti år å fase inn alle plassane. Ti år! Det frå ein tilstand der me har underdekning, altså for få plassar. Dette er sjukeheimsbløffen til Ap, Sp, KrF og SV: regjeringa leverer midlane til bygging av sjukeheim, men kommunen er så dårleg drifta at ein nesten ikkje kan auke tilbodet!

Hadde koalisjonen gått for vårt forslag om å delta i ordning med statleg finansiert omsorg kunne me ha fasa inn dei plassane me trengte. Det stemte dei ned. Dei er meir interessert i ideologi enn å gi våre eldre eit godt tilbod. Vil du gjere noko med dette? Då må du stemme Stord Frp -ein slengar er ikkje nok!

Marte Tveita Djuvsland,
2. Kandidat, Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut