annonse

– Skjerpings, Sunnhordland

Ueinig
Ueinig: Geir Angeltveit meiner Sunnhordland bomma på leiarplass måndag denne veka. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Det var med vantru eg las Sunnhordland på leiarplass måndag, skriv Geir Angeltveit (V).

  • Meiningar

Bladet går direkte i strupen på vegvesenet og skuldar dei for trugsmål mot politikarane, då Statens vegvesen i klartekst seier at ved bygging av Miljøgata i Leirvik så bør Osen stengjast. Fordi der kjem det kryssande gang- og sykkelveg som mange born og unge kjem til å nytta. Frå t.d. barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

Alternativet om å halda Osen open kom frå Forvaltningsstyret, og det er heilt på sin plass at Statens vegvesen varslar at det er ei endring som kan medføra stor fare for trafikkuhell. Ja, for det kan med rette kallast ei varsling det avisa kallar «trugsmål».

Les også: Statens vegvesen vil klaga miljøgata inn til Fylkesmannen i Hordaland

Eg vil på det sterkaste oppmoda Bladet Sunnhordland om å lesa Statens vegvesen sin føremålsparagraf, trafikktryggleik er bokstavleg talt det som står først på lista deira. Embetsverket og politikarar vert ofte kritisert av de i media for å nytte eit tungrodd og uforståeleg språk, her får de deira faglege vurdering i klartekst. Å møte den på det viset er direkte nedverdigande og flaut.

Bladet Sunnhordland har forplikta seg til å følgja «Redaktørplakaten», den seier at ein skal bidra til å fremja «ein sakleg og fri informasjons- og opinionsformidling». Kan avisa med rette meina at dei gjer det på leiarplass? Der eg og Venstre vert kalla «ikkje-vaksne» for å vere dei einaste som høyrde på Statens Vegvesens si varsling om at denne kryssinga vil vere svært farleg? Einkvar som ser på teikninga av vegen, og førestiller seg korleis dette krysset vil fungera ser at møtande trafikk ikkje vil sjå kvarandre i tide, og at sikten og konfliktnivået er for stor. Det er noko som heiter «å ta ballen, ikkje mannen». Store delar av poenget med miljøgata og Stordpakken er nemleg trafikktryggleik. Avisa kan gjerne illustrera dette lesarbrevet med plankartet, så kan folk gjere seg opp si eiga meining. Taxi-næringa overlever ei færre utkøyrsle på fylkesvegen, og bussane skal ikkje inn i Osen lenger med ny kollektivterminal.

Les også: Politikarane trassa åtvaringa frå Statens vegvesen

Venstre er ikkje framand for å ta kampen med Statens vegvesen i ymse saker, men er det ein stad me lyttar med begge øyra så er det når det kjem til trafikktryggleik. Det kan dei. Langt betre enn meg. At øvrige parti og kommunestyremedlemmer meiner at dei veit betre får dei forsvara sjølv.

Geir Angeltveit,
Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut