annonse

«Skjersholmane vs. Jektavik»

Skjersholmane
Skjersholmane: Gisle Tjong meiner det er betre å halda på Skjersholmane som ferjekai til og frå Kvinnherad enn å flytta til Jektevik. (Foto: Vidar Hope / arkiv)

  • Meiningar

Eg har vore rundt og sjekka Jektevik og Skjersholmane. Dette fordi kvinnheringane helst tydelegvis vil til Jektevik. Det er nok ikkje så lurt, for oppstillingsplassen der, er berre ca. 1300 m², som dei i tillegg må dela med eit anna ferjesamband. Skjersholmane har dei derimot praktisk talt åleine, og her er arealet i alle fall 3650 m², altså 2,8 gonger større.

Skal ein utvida i Jektevik, vil det måtte verta endå mindre kapasitet, i ei lang tid.

OK, Jektevik er marginalt nærare Sunde, enn Skjersholmane er. Men det oppveg ikkje dette 2,8:1-forholdet, med omsyn på oppstillingsplass. Som kanskje vert til nærare 4:1, når du reknar inn at du altså, har eit anna samband der, ifrå før. Så saka burde vera enkel. Like enkelt er det at ferja no må gå til Sunde, og til Ranavik.

I tillegg kjem sjølvsagt at på Skjersholmane er det to ferjekaiar, og på Jektevik er det berre éin, og kan aldri verta meir enn ein. Så der vil det, i praksis, oppstå tidsmessige kollisjonar med den andre ferja, uansett kor mykje ein kan laga tidtabellar, for at så ikkje skal skje.

Mange minnast nok korleis det var på Leirvik, med tre ferjestrekningar, og ein einaste ferjekai, Det høyrde nærast med til dagens orden, i periodar med trafikk litt over snittet, eller trafikale problem, som førte til forseinkingar, som forplanta seg i heile systemet.

Og det er uendeleg mindre risiko, for tekniske problem på to ferje kaiar samstundes, enn på ein ferjekai.

Ein kan sjølvsagt ha Jektevik som ein reserveløysing, men med to ferjekaiar på Skjersholmane, skjer det så godt som aldri, at det anlegget ikkje kan brukast.

Gisle Tjong,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut