annonse

«Skulen for alle»

I tidsnaud
I tidsnaud: Geir Martin Økland og Stord kristne skule kjempar om å vera klar innan kommande måndag. (Foto: Anders Totland)

Stord Kristne Skule har sidan 2012 jobba med å få starta ein kristen friskule på Stord. For nokon er dette ei kjærkommen nyhende. For andre skapar dette uro, skriv Geir Martin Økland.

  • Meiningar

Jæger Koppang skriv i eit lesarinnlegg i Sunnhordland 19.9, at han ikkje ønskjer skulen. Årsaka til det er at han trur etableringa av skulen vil gå ut over kommuneøkonomien, han meiner også at elevane vil få det betre i den offentlege, og at skulen vår rammar fellesskulen.

Det er ikkje noko nytt at nye initiativ vert møtt med skepsis. Det er ein generell regel, det var mange som var imot Trekantsambandet, men dei røystene har blitt stille. Vi er sikker på at mange skeptikarar til vår skule også vil få eit meir positivt syn på skulen når vi kjem i gong. Når det gjeld skulens innverknad på kommuneøkonomien så trudde også eg at skulen ville gå utover den. Eg vart difor svært gledeleg overraska då eg fann ut det motsette.

Her kjem litt informasjon om dette: Det første 1,5 året etter at barna byrjar, eller flyttar over i ein privatskule, skjer det ingen ting. Kommunen får akkurat det same pr. elev. Deretter får kommunen 20 proent, for kvar elev som har slutta i den offentlege skule. Deretter vil dei 80 prosent som kommunen ikkje lenger får, bli samla inn til ein felles offentleg pott, der ein samlar alle pengane som kjem inn frå kommunar på landsbasis.

Dei pengane vert så fordelt ut igjen til dei same kommunane. Då med ei justering i forhold til om ein har fleire eller færre elevar i friskule, enn landsgjennomsnittet. Har ein like mange som landsgjennomsnittet, får ein igjen det same beløpet som vart trekt. Har ein færre får ein meir, har ein fleire, får ein mindre. Dermed vil mange kommunar tena på ein friskule, Dei kommunar som får mindre pengar på grunna av ein privatskule, har så mange elevar i privatskule, at rammekostnadane deira vil væra klart redusert.

Dette var også årsaka til at vi fekk medhald hjå Kunnskapsdepartementet, då vi fekk avslag hos UDIR. Om Koppang eller andre kan synleggjera at vi råkar kommuneøkonomien, så vil eg med dette utfordra dykk til å visa det reknestykket i eit lesarinnlegg!

Dei plassane etableringa av ein friskule går utover den offentlege, er der det vert etablert ein friskule ved sida av ein nedleggingstrua skule, Då kan friskulen direkte medføra at den offentlege vert lagt ned. Her på Stord, er det motsett. Ein privatskule vil avlasta den offentlege, og då særskild Langeland skule. Ein annan faktor er at kommunane kan ikkje tapa pengar som ikkje høyrer til dei. Pengane føl eleven, og foreldra har, på bakgrunn av menneskerettane, Privatskulelova og foreldreretten, rett til å velje kvar dei vil sende elevane sine på skule.

Når det gjeld fellesskulen så vert ikkje vår skule noko mindre fellesskule. Vi er ein skule for alle, der elevar frå heile Stord og omliggjande kommunar kan få gå. Hos oss kan elevar frå Sagvåg og Hystad få gå i same klasse. Skulen vår kan også verta eit kjærkomme tilbod for dei som ikkje finn seg til rettes i nærskulen. Vi kjem til å ha ein kristen skule, slik skulen har vore i Noreg i fleire hundre år. Men det er ikkje eit krav at ein må vere personleg kristen for å gå på skulen. Når det gjeld om skulen er pedagogisk forsvarleg, så viser mykje forsking at små klassar gjev det beste pedagogiske tilbodet, så vi vil ikkje liggja etter der, tvert imot.

Eg vonar at skulen vår vil verta til signing for mange born og familiar på Stord og i omliggjande kommunar. Og etter kvart vil mange sjå at vi er ikkje så farlege, men at vi er ein positiv resurs for Stord!

Geir Martin Økland,
Stord Kristne Skule

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut