annonse

«Skulen skal ikkje utnyttast i eit politisk spel»

Ikkje samd
Ikkje samd: Marita Vassnes (Ap) meiner Stord Frp ikkje jobbar for det beste for innbyggjarane i Sagvåg når partiet no vil avbryte kontrakten med arkitektane og starte nytt forprosjekt. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Nye Nysæter ungdomsskule med fleirbrukshall har vekt mykje engasjement blant innbyggjarane. Det er naturleg, med tanke på at dette er eit viktig prosjekt for born og unge i framtida, samt lokalbefolkninga. Det bør difor ikkje utnyttast som eit symbolpolitisk trekk i eit spel, slik nokon legg opp til.

Ein ny ungdomsskule på Nysæter er ikkje berre naudsynt på grunn av dei kritiske tilstandane som er ved eksisterande bygg, eller på grunn av auka aktivitet i idretten og kulturen som krev betre lokale. Det skal vere eit naudsynt løft for fellesskapet i Sagvågen, samt born og unge si utvikling dei neste førti åra. Stord Arbeidarparti er difor oppteken av at arbeidet som blir gjort no er nøye gjennomtenkt, og reflekterer høg kvalitet. For å oppnå dette må brukarane av den framtidige skulen og fleirbrukshallen ha ein sterk rolle. Kven andre veit best kva behov som ligg føre, enn dei som skal bruke bygget?

Under førre møtet med komité for oppvekst og utdanning vart det vedteken at prosjektet leggjast fram for arbeidsgruppa på ny. Der sit brukarar av skulen og idretten representert. Medan koalisjonen, med Høgre, ser alvoret i tilstandane ved eksisterande skulebygg og ynskjer å få i gong utbygging med best mogeleg resultat, vil FrP spele på symbolsk politikk og foreslår å avbryte kontrakten med arkitektane og starte nytt forprosjekt. Dette hadde risikert høge ekstrakostnadar, samt utsetting av utbygginga i fleire år. Forslaget deira inneber òg å kaste teikningane som ligg føre, og alt arbeid som er gjort. I budsjettforslaget for Stord kommune som FrP la fram før jul var deira prioritering for Nysæter Ungdomsskule å kjøpe midlertidig skulebygg utan å leggje fram midlar til å fortsette prosjektet. Med dette seier dei at dei heller vil ha elevane i brakker i ubestemt tid, enn å få i gang utbygging av nye Nysæter Ungdomsskule. Samstundes står representantar frå FrP fram og påstår at dei vil vere Sagvåg si stemme i kommunestyret, og kjempe for sakene som gagnar dei.

Utvikling kjem ikkje av at ein sit og er nøgd eller einig i status quo. Det gjeld sjølvsagt i politikken òg. Dei beste løysingane kjem når ein får drøfte fleire perspektiv, og har stor takhøgd for forslag og idéar. At me i partia er ueinig og har ulike synspunkt er ingenting anna enn ein fordel for Stord kommune. Me skal utfordre kvarandre, teste kvarandre sine teoriar og forslag, og diskutere fram nye løysingar. Det er difor skuffande når FrP vel å utnytte sin posisjon i kommunepolitikken til å bruke viktige prosjekt som Nysæter Ungdomsskule til lite konstruktiv symbolpolitikk. Dersom dei heller vil bruke sin tid og energi til å snakke ned eit sentralt tiltak for befolkninga i Sagvåg framfor å sjå til at skulen og fleirbrukshallen blir realisert, vil eg for min del melde meg ut av debattstilen deira, og fokusere på dei konstruktive diskusjonane som faktisk visar resultat. Eg vil sjå til at Nysæter Ungdomsskule blir til, innanfor ei økonomisk ramme som ikkje får konsekvensar for andre tilbod i kommunen, og med høg kvalitet.

Marita Vassnes,
Stord Ap

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut