annonse

Skulestreik for klima og miljø – starten på ein snuoperasjon?

Streik
Streik: Torsdag 14. mars var det skulestreik for klima på Stord, noko brevskrivaren er særs godt nøgd med. (Foto: Ingvild Eide)

  • Meiningar

Eg har venta på dette. At dei unge skulle koma på banen og krevja handling av den politiske vaksengenerasjonen, for å berga jordkloden vår frå ein lenge varsla klimakatastrofe: «Vi er redde, vi vil ha ei framtid». Eg hadde aldri trudd at dette grasrotopprøret skulle koma så brått og bli så kraftfullt. Gratulerer verdas ungdom og særleg den 17 år gamle svenske jenta, Greta Thunberg, som starta det heile. No har aksjonen fått rotfeste i landet vårt.

Styrken i dette globale ungdomsopprøret har vorte demonstrert på fleire måtar allereie. Tidlegare i veka tok talsperson i Grøn Ungdom, Hulda Holtvedt, eit kraftig oppgjer med kommunalminister Jan Tore Sanner på NRK’s Dagsnytt atten. Det er sjeldan eg har sett ein ungdomspolitikar setja ein rutinert statsråd så effektivt til veggs som i dette tilfelle. Det var nesten pinleg å høyra på statsråden som først rosa ungdommane for klimaengasjementet og deretter truga dei med fråvær dersom dei streika for å synleggjera bodskapen om å berga kloden.

I kjølvatnet av skulestreiken har me fått eit opprop frå 25 framståande personar i Norge, forskarar, samfunnsdebattantar, filosofar og kunstnarar og fleire, som støttar skulestreiken og grunngjev standpunktet sitt i uvanleg skarpe ordelag. Konklusjonen deira er at dei vil ha eit nasjonalt Tilsynsråd som skal vera løfta over politikken og som skal styra samfunnsutviklinga, for å nå klimamåla.

«Udemokratisk», seier statsråd Torbjørn Røe Isaksen. Han har eit godt poeng her, sjølvsagt er det politikarane våre som skulle ha gjort denne jobben. Men når dei ikkje gjer jobben, kva skjer då? Jo, då skjer det som alle kan sjå, utsleppa i Noreg går ikkje nedover, dei har faktisk stått stille dei siste tretti åra. Og så skjer det som heldigvis må skje i eit opplyst demokrati: folk reagerer, det oppstår uro og sinne blant folk, som med aukande styrke krev endring, det oppstår streikeaksjonar blant ungdommen som er redde for framtida. Heldigvis.

Professor i filosofi, Arne Johan Vetlesen, går så langt som til å varsla fare for udemokratiske handlingar i framtida, kanskje også valdelege slike, dersom ansvarlege politikarar ikkje snart tar ungdommen på alvor, men held fram med bortforklarande snikksnakk.

Dette er ei problemstilling eg kjenner meg att i. Eg var miljøvernrådgjevar i Stord kommune frå 1992 til 2005, som del av ei landsomfattande ordning innført av regjeringa. Å driva kommunalt miljøvernarbeid var inga enkel sak, fordi ingen av dei store partia hadde miljøvern høgt på agendaen. Eg hugsar ein kommentar eg fekk av ein ordførar i ein av nabokommunane, då me var på veg til eit møte arrangert av fylket: «Det er vel og bra med natur- og miljøvern, men det må aldri koma i vegen for oss som vil ha vekst og utvikling». Dette var nok ei vanleg haldning.

Etter som tida gjekk, vart alle miljøvernrådgjevarar i landet meir og meir frustrerte over staten si manglande støtte til det kommunale miljøvernarbeidet dei sjølve hadde sett i gang. På eit møte, eg trur det var i 2002 i Drammen, skulle kommunal- og regionalminister Erna Solberg, møta landets miljøvernrådgjevarar og det var store forventningar til møtet. Men i staden for å koma med ein støttande plan, fekk me beskjed av statsråden at det var opp til kommunane sjølve kor mykje ressursar dei ville bruka på miljøvern og berekraftig utvikling. Ballen var tilbake hos kommunane og der var ikkje entusiasmen for miljøverntiltak overvettes stor. Ein fiffig og avslørande taktikk, særleg når kommunane vart sveltefôra med rekordlåge overføringar frå staten.

Ikkje overraskande at norsk miljø- og klimaarbeid har gått trått dei siste tretti åra, i ein periode der oljeøkonomien har blomstra.

Til hausten er det nytt lokalval og nye mogelegheiter til å forma ut ny lokal miljøpolitikk. Eg tvilar på om draghjelpa frå staten har endra seg vesentleg. Det er viktig at det denne gongen må vera hald i lovnadane. Det er mange unge auge som vil finlesa partiprogramma denne gongen. Eg minner om at det ikkje er lenge til dei unge som i dag skoftar skulen for å streika for ei tryggare framtid, snart kjem til å dukka opp på dei politiske listene. Om ikkje før, så vil det etablerte politiske Norge truleg få seg ein skikkeleg bakoversveis når det skjer.

Oscar Ingebrigtsen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut