annonse

«Slå ring om fellesskulen»

Fellesskap
Fellesskap: «Den norske fellesskulen fungerer godt. Den må me ta vare på», skriv Tor Jæger Koppang. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

På Stord har me avgrensa med ressursar å driva skule for. For få år sidan ønska det politiske fleirtalet å leggja ned Litlabø skule. Det som den gong var fleirtalet meinte skulen var for liten og dyr i drift. Heldigvis vart det ikkje noko av det vedtaket. Saka vart anka til fylkesmannen og politikarane gjorde om på vedtaket. Hadde det blitt ståande, hadde Stord i dag hatt enda større utfordringar enn kva ein har med krinsgrensesaka kring Langeland og Tjødnalio.

No er ei ny skulesak på agendaen. Stord Kristne Skule har nyleg fått løyve frå Utdanningsdirektoratet til å starte opp skule på Heiane. Skulen treng 15 elevar for å starte opp og initiativtakarane er optimistiske med tanke på å få det til.

Det vonar eg med respekt å melda ein ikkje lukkast med! Ein av norsk skule sine beste sider, er at han er for alle. Uavhengig av økonomisk, politisk eller religiøs bakgrunn leikar norske skulebarn saman. Dei lærer i same klasserom og vert kjent med kvarandre uavhengig av bakgrunn eller økonomi. Slik bør det framleis vera.

No er det neppe slik at 15 elevar på ein kristen privat skule på Stord trugar den norske fellesskulen. Men eit frislepp av private skular gjer det. I tillegg er situasjonen for Stord alvorleg nok. Hadde Stord kommune hatt ein offentleg skule med 15–30 elevar hadde den garantert vorte nedlagt. Den hadde vore for dyr og mange ville med rette spurt om ein så liten skule ville ha vore pedagogisk forsvarleg å driva.

Me har berre eitt skulebudsjett og pengar som vert brukt til å driva privatskular vert teken frå fellesskulen. Det er ikkje god økonomistyring.

Mitt ønske er at ein tenkjer seg godt om før ein vel å ta ungane sine ut av ein godt fungerande offentleg skule. Den norske fellesskulen fungerer godt. Den må me ta vare på!

Tor Jæger Koppang

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut