annonse

«Smartmålaren – smart for kven?»

Smart målar?
Smart målar?: «Til deg som har fått installert smartmålar. Det er lov å angre seg», skriv Dag H. Gravdal. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Som alle andre huseigarar, mottok også me varsel frå Haugaland Kraft (HK) om at straummålaren vår skal skiftast ut. Varselet framsto som ein rein «gledesbodskap», der det berre var gode nyhende. No skal me sleppa å lesa av straumen, me skal få varsel om straumbrot og den nye målaren er tilrettelagt for framtida m.v. Og til alt overmål så skal ikkje byttet kosta deg noko. Eller som det står: «Oppgraderingen er en del av det du betaler for gjennom nettleien, så du får ingen faktura knytt til målerbyttet».

Då eg las dette vart eg skeptisk, skal me verkeleg få noko kostnadsfritt av eit nettselskap!? Skepsisen min førte til at eg har prøvd å setja meg inn i kva byttet eigentleg inneber. Og det eg finn er skremmande: No skal heimen overvakast elektronisk av eit tilfeldig nettselskap. Den nye målaren samlar og lagrar detaljert og sensitiv informasjon om deg og din familie. Og som kjent, personalopplysningar er vorten ei handelsvare. Varselet fortel ikkje noko om strålefaren, målaren sender trådlaust ved hjelp av mikrostråler. Faren ved dette er ikkje nok utgreia. Varselet inneheld heller ikkje noko info om ny berekning av nettleiga, noko som skal gje deg dyrare nettleige når du brukar mykje straum på ein gang, som på morgonen og om ettermiddagen (effektmåling).

På grunn av ovannemnde valde me å seia nei takk til bytte av målar, noko som ikkje vart godt mottatt av Haugaland Kraft. I svarbrevet frå Haugaland Kraft der me vert omtala som «Kjære kunde», viser innhaldet i brevet at det er nett det me ikkje er. Brevet viste med all tydelighet at ein er redusert frå «Kjære kunde» til eit rettslaust «målepunkt». Brevet opplyser berre kva «rettar» HK/NVE har, ingen info om kva rettar eg som kunde har.

Det kan sjå ut som at vedtaket om bytte til «smartmålar» har gått under radaren til våre folkevalde. Håpet no er at nokon tek tak i saka og rettar opp i galskapen. I det minste gjer bytte til ny målar til ei frivillig ordning.

Og til deg som har fått installert smartmålar: Det er lov å angre seg.

Dag H. Gravdal

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut