annonse

«Snur kvar stein for å finna råd»

Seglneset
Seglneset: Stord kommune finn råd til investeringar, så lenge dei ikkje er naudsynte, skriv Alf Inge Eggøy. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Som kjent er Stord kommune i ein svært krevjande økonomisk situasjon, der dei snur kvar stein for å finna råd til naudsynte investeringar. Som Kjellbjørg Lunde seier i eit nyleg lesarinnlegg i Sunnhordland: «Vi leitar med lys og lykte etter det som kan hindre kutt i gode og viktige tilbod til dei som blir ramma».

I mai leita Stord kommune seg fram til kraftsalsfondet. Då inngjekk dei ein avtale på å kjøpa seg inn i Coast Holding AS for to millionar kroner, låna ut 15 millionar kroner til same selskap og kjøpa ei tomt i Grunnavågen for 7,2 millionar kroner frå Stord Hamnestell.

Korleis det gjekk med desse disposisjonane etter at biogassplanane i Grunnavågen vart parkert, kjenner ikkje eg til. Men det gjer nok Stord kommune.

Men det er uansett ein peikepinn på at Stord kommune finn råd til investeringar, så lenge dei ikkje er naudsynte.

Alf Inge Eggøy

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut