annonse

«Søkjer ikkje om éin million»

Feil
Feil: Gunnar Bjørk kjem med eit spark mot lokalmedia. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Stord Maritime Museum (SMM) søkjer kommunen for eit tilskot på kr. 350.000 for 2018. Når lokale nyheitsformidlarar hevdar at SMM søkjer om 1 million fram mot 2020 er det direkte misvisande og feil.

Stiftinga har arbeidd fram ein ny organisasjonsmodell som skal arbeida for ei drivverdig drift av SMM som ein frittståande organisasjon. I det ligg det å utvikla eit stabilt økonomisk grunnlag for drifta.

For å få dette til må SMM ha omrømingstid. I tida frametter vil SMM arbeida for å finna løysingar som gjer museet mindre avhengig av økonomisk støtte frå det offentlege. Det vil seia ei nedtrapping av storleiken på tilskot frå Stord Kommune i dei komande åra. Arbeidet er godt i gang, og søknaden om tilskot i 2018 er betydeleg redusert i høve til tilskot som har vore øyremerka Stord Maritime Museum dei siste åra.

Til slutt vil eg oppmoda lokale media til å søka sanninga og ikkje sitja på sin «stol å synsa». Det finst kjelder der ein kan få naudsynt informasjon for å kunna gje eit nyansert og korrekt bilete av saka. Og – at nyheitsformidlarar i større grad vel å dekkja positive aktivitetar som det «frivillige arbeid» utgjer. Les; «Dagens ros» i Sunnhordland 22. september.

Gunnar Bjørk,
leiar i Venelaget for SMM

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut