annonse

«Spant» fyller 20 år

Spant
Spant: 1. mai er det 20 år sidan industriarbeidarmonumentet i Borggarden vart avduka. Øyvind Titlestad Sandvik kjem her med litt historikk og tankar rundt monumentet, og for dei som måte ha gløymt det, så var ikkje avdukinga 1. mai 1999 fullt så vellukka som ein hadde håpa på.

  • Kronikk

Rådhuset på Stord og den anerkjende Sandras Kebabgrill har noko til felles: Begge bygga ligg nemleg kloss på eitt av dei største og mest omtalte monumenta i Stord kommune. I Borggarden, midt i hjarta av Leirvik sentrum, står nemleg industriarbeidarmonumentet «Spant», som i år fyller 20 år.

Om svoltne og småkorpulente folk let seg freista av det tyrkisk-inspirerte grillkjøtet og vil ein tur til Sandras Grill, eller om meir skikkelege folk vil på rådhuset for å delta i kommunepolitikken, vil altså alle desse få auge på monumentet. Har ein andre ærend enn kebabkjøt eller kommunepolitikk i sentrum, er sjansen likevel stor for at ein og då får auge på «Spant».

For mange har nok «Spant» blitt eit så vanleg og daglegdags syn, at dei ikkje tenkjer over kva som eigentleg ligg i monumentet. Dette, trass i at dåverande ordførar Magne Rommetveit i 1993 hevda at eit framtidig industriarbeidarmonumentet på Stord ville skape fellesidentitet for innbyggjarane, knyte dei nærare saman, og gje dei eit fast haldepunkt på øya. Om kebabetarane kikkar opp på «Spant» og kjenner seg att i dei svulstige orda til Rommetveit på veg til Sandras, er nok heller tvilsamt. Likevel er det nok òg fleire som forstår kor talande det er at Stord sitt største monument er relatert til industri, og kvifor det har fått ei slik sentral plassering.

Monumentet er nemleg klassisk historiebruk og eit bevis på at fysisk minnekultur er viktig på øya. Stord er ikkje åleine her, for menneske og samfunn har lenge hatt interesse av å forme sitt eige ettermæle. Reiser ein til gamle Mesopotamia vil ein nemleg kunne få auge på heroiserande inskripsjonar i bygga der, og les ein dei gamle skaldesogene frå norrøn tid, vil ein finne ei haug av sjølvskryt av gamle heltar. Meininga med verka er å vise til noko historisk storstilt, imponerande og betydingsfullt.

Mens gamle Mesopotamia kanskje har noko meir omfattande historie å vise til her, skal ein ikkje kimse av Stord si heller. Stord har nemleg ei stolt historie knytt til skipsindustri, og kan og kan skryte av å stå bak fleire slepebåtar og fiskebåtar, samt gigantiske tankskip opp mot 300.000 tonn. Dette sette openbart mange stordabuar i arbeid, og i 1993, seks år før «Spant» vart avduka, kom ein av dei første registrerte ideane til at denne svært viktige og betydingsfulle næringa burde heidrast med noko fysisk. I kinosalen til Stord Kulturhus hadde det vore innkalla til eit offentleg møte for å drøfte tettstadutvikling – og utsmykking. Omtrent 60 personar møtte opp, frå ulike næringar og med ulike interesser. Årsaka til møtet var eit NRK-innslag om Stord, som hadde sett sentrum i svært dårleg lys. Leirvik vart stempla som traurig og grått, og spørsmålet reiste seg om Stord hadde kome på bakfot når det kom til å utvikle seg sjølv. Ei røyst i salen hevda at om Stord ikkje skjerpa seg, ville Leirvik sentrum snart sjå ut som Alta sentrum. Dette kunne neppe tolkast som noko kompliment til Finnmarksbyen.

Ein del forslag til tettstadutvikling kom. Konsertsal på kulturhustaket, og bygging av ei gigantfontene nede ved moloen var to av forslaga. Det forslaget som derimot såg ut til å få mest merksemd sto dåverande næringssjef Audvald Kvamme for. Kvamme sa nemleg: «Stord er blitt ein kommune takka vera skipsbygginga, og kva er meir naturleg enn at me heidrar fagfolka med eit skipsbyggjarmonument?». Fleire var einige i dette, og frå ei anna stemme i salen kom det at «ein ikkje måtte gløyme historia når ein skulle byggja ut tettstaden».

Sjølv om det var få politikarar i kinosalen i Stord Kulturhus denne junikvelden 1993, vart ei gneist tent. Seinare, same året, byrja nemleg ordførar Magne Rommetveit å leike seg med ideen om eit industriarbeidarmonument på Stord, og presenterte ideen til dei største industriverksemdene på øya. I denne samanheng ytra han dei svulstige orda om fellesidentitet, nemnt i innleiinga. Sjølv om det her har vore knytt ein viss ironi til dei flotte orda til Rommetveit, var han nok likevel inne på noko relevant. Historie kan nemleg ofte verke å ha ei slik funksjon, som Rommetveit snakka om. Friedrich Nietzsche kalla det for ein «antikvarisk funksjon» innanfor historiebruk. Nietzsche meinte nærare sagt at historie ofte vert brukt som tryggleikssøkjande, med den funksjon å ivareta den tradisjonelle kulturarven. At eit industriarbeidarmonument på Stord passa godt inn i denne samanhengen er det nok fleire enn Audvald Kvamme, Magne Rommetveit og Friedrich Nietzsche som er einige i.

Rommetveit ønskte først monumentet ferdig avduka allereie i 1995. Det i samanheng med Aker Stord sin 75-årsdag, i tillegg til Leirvik Sveis AS – og Stord Jern og Metall/Bygning sine 50-årsdagar. Som den røynde politikaren Rommetveit er, har han nok oppdaga at ting ofte tek lenger tid enn planlagt. Sjølve plasseringa av monumentet skulle bestemmast, korleis monumentet i seg sjølv skulle sjå ut måtte avgjerast, og nok pengar måtte skaffast. Ein komité vart sett ned for arbeidet, som bestod av personar i kommunen, i Aker Stord og av andre kunstfaglege og fagorganiserte. Ordførar Rommetveit leia komiteen.

Semje om plassering var det, og Borggarden ved rådhuset vart raskt det naturlege valet. Arkitektfirmaet «Fortunen» vann ein lukka bodrunde, og byrja å planleggja utforminga til Borggarden. Rommetveit anslo i desember 1994 at heile prosjektet ville landa på 500.000 kr i kostnadar, og fekk med det same hjelp frå Aker Stord, som bestemte å gje 200.000 kr til prosjektet. Nokre månadar seinare, i 1995, måtte Rommetveit justera seg. Ikkje berre ville prislappen stige til 700.000, men avdukinga ville ikkje finne stad før 17. mai 1997. 200.000 Aker-kroner var allereie lagt på bordet, resten skulle kome frå ulike fagrørsler, i tillegg til offentlege midlar.

Rommetveit avslørte også at det skulle det skulle vere ei open tevling om utforminga til monumentet. Slik vart det, og i november 1995, vart ei utstilling på 14 modellar av kunstnarar frå heile landet vist fram i kulturhuset. Ei nemnd beståande av personar frå kommunen og andre investorar skulle kåre det flottaste verket, i tillegg til at innbyggjarane hadde mogelegheit til å sende inn skriftleg kva dei føretrekte. Kåringa gjekk som me alle kjenner til, «Spant» sin veg. Heile 220 stemmer kom inn, og majoriteten av desse, i tillegg til nemnda, ønskte verket laga av Trygve Magnus Barstad. Trass i at Barstad kom frå ei innmarksbygd i Telemark, sa juryen at Barstad hadde fått til eit «kraftfylt og dramatisk verk, utan å vera nær det patetiske». Barstad sjølv sa han hadde laga eit konkret verk, som han håpa folk flest ville skjønne.

Det meste for å få realisert monumentet var no på plass. Likevel skulle det ta fire år før monumentet vart endeleg avduka. Problemet var at kommunen, som kommunar flest, ikkje hadde nok pengar å løyva. Kommunen sa kompromisslaust at for å få monumentet på plass, måtte verksemder frå fleire hald på banen. Kommunen vart høyrd, og i 1998 kasta blant anna Stord LO seg på banen. Stord LO hevda at monumentet var eit symbol på den moderne norske velferdsstaten, og sa at fagforeiningar og klubbar måtte gjere sitt for å bidra til realiseringa av monumentet. 1998 skulle vise seg å bli gjennombrotets år. I tillegg til kommunepengar, kom det no pengar frå fleire hald. Dugnadspengar frå ulike industriverksemder og fagrørsler kom inn, og Kulturrådet løyvde også ein sum. Aker Stord hadde allereie gitt 200.000 kr, men bestemte seg for å gje ein sum til.

Etter fleire år var pengane var endeleg på plass, og det vart bestemt at monumentet skulle avdukast 1. mai, på arbeidarane sin dag, i 1999. Arbeidet gjekk i gong, men det var mykje som skulle gjerast på kort tid. Tida viste seg å bli litt for knapp, for då 1. mai kom, vart ikkje avdukinga så ærverdig som ein kanskje hadde håpa på. Parkområdet som skulle byggjast rundt monumentet var ikkje i nærleiken av å vere klart, og såg ut som ein anleggsplass. I tillegg var kunstnaren, Trygve Magnus Barstad, misfornøgd med den diagonale plasseringa til monumentet. Sist, men ikkje minst, fekk ordførar Rommetveit ein heil mengde vatn over seg då han drog av presenningen frå monumentet. Den ikkje heilt perfekte avdukinga kan sjåast på som eit symbol på den litt komiske og kronglete prosessen som gjekk i å få på plass monumentet. Likevel skal ein ikkje undervurdere «Spant». Monumentet er full av symbolikk, og er talande for mange. Det er eit verk som hyllar Stord sin historie, og som hyllar ei av dei langvarige hovudpulsårene i kommunen. Når ein ser på finansieringa av prosjektet, ser ein òg kor mange aktørar frå ulike hald, som har jobba innstendig for å få reist monumentet. Dette er fint å ha i bakhovudet, neste gong ein ruslar rundt i sentrum. Gratulerer med 20 år, «Spant»!

Øyvind Titlestad Sandvik,
master i Samfunnsfagdidaktikk,
Høgskulen på Vestlandet, avdeling Bergen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut