annonse

«Stansar kommunal HMS på kaikanten?»

Plask
Plask: Hamnesjef Inge Espevik hamna i sjøen då den nye arbeidsbåten skulle leverast. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Hamnestellet på Stord har fått seg ein ny arbeidsbåt. Den gamle OMA-båten er pensjonert.

I fylgje avisa Sunnhordland 7. august er den nye båten er «nett under 8 meter, og kan køyrast av så godt som alle med minimal opplæring».

Regelverket for slike små arbeids- og passasjerbåtar (12 pax) har vore i støypeskeia lenge.

Tidlegare var grensa 15 meter, men så dukka det opp katamaranfarkostar på 14,99 m som var breiare enn dei var lange. Gode og praktiske arbeidsplattformar, med svære kranar, gjerne plassert på eit hjørna av båten for då var dei «ute av vegen». Regelverket ein fylgde var noko som heiter «Nordisk Båtstandard».

Også desse fartøya kunne køyrast av «så godt som alle med minimal opplæring». Oppdrettsboomen bidrog til at det etter kvart vart mange hundre slike båtar langs kysten, og mengda av fartøy og ei rekkje uhell førde til at Sjøfartsdirektoratet tok fatt i problemet og laga eit regelverk som dekkjer båtar frå 8 til 24 m.

Og der er ein ved kjerna. Ein plass må grensa gå. Fartøy under 8 meter «går klar» dette regelverket.

Kommunen er (og skal vera) ganske nidkjær i si forvalting av regelverk i høve til innbyggarane sine.

Difor er det merkelig at «så godt som alle» skal kunna køyra ein kommunal arbeidsbåt. Burde ikkje kommunen gå føre og passa på at dei hadde topp kvalifisert og «påkledd» mannskap på ein slik båt?

Det er ei mager trøyst at Bømlo kommune har tinga ein liknande «paragrafbåt». Eg er like kritisk til det også, men sjølvsagt for døve øyro.

Så kan ein i avisa Sunnhordland smila av at hamnesjefen fekk seg ein dukkert då lasterampen svikta, men ein skulle vel streng tatt forlanga at slike viktige funksjonar var testa ved verftet.

Det er berre eit døme på kva som kan skje når båtane ikkje vert knytte opp mot eit tilsyn og eit regelverk.

Jan Willy Folgerø-Holm,
Foldrøyhamn

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut