annonse

«Står Leirvik i fare for å rotna på rot?»

Oppgjeven
Oppgjeven: Oscar Ingebrigtsen er ikkje vidare imponert over korleis enkelte av medborgarane hans reagerer på byutvikling. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)
Stavanger
Stavanger: Fargegata. (Foto: Privat)
Esbjerg
Esbjerg: Kongens gade. (Foto: Privat)
Esbjerg
Esbjerg: «De 4 Hvide Mænd». (Foto: Privat)
Stavanger
Stavanger: Geoparken. (Foto: Privat)

Etter at Heiane kom er det gjort mange forsøk på finna koden som kan fornya Leirvik og gje nytt liv til bykjernen, skriv Oscar Ingebrigtsen.

  • Meiningar

Men så er det denne vanskelege opinionen då. Kvar gong eit nytt forslag ser dagens lys, oppstår det ein motreaksjon. Det galdt Storddøra, det galdt høghusa, det galdt den maritimt forankra skulpturen på Torget og dei i Parken, det galdt den flotte Miljøgata og ny Bussterminal. Eg kunne nemna fleire prosjekt. Protestane har vore mange og sterke.

Skal me verkeleg ha det slik som på femti- og sekstitalet langt inn i det nye hundreåret?

Kven er det som protesterer? Mitt inntrykk er at det i hovudsak er mange huseigarar, nokre næringsdrivande, men også folk busett i det sentrale byområdet. Fellesnemnaren er at dei ofte har ein privat agenda. Eit litt spesielt fenomen er det i alle fall. Men sjølvsagt er dei i sin fulle rett, det blir berre så ofte og så kraftig.

Eit illustrerande døme er etter mitt syn det ubrukelege forslaget om gjenopning av Borggata for biltrafikk, anten mellombels (Kjell Larsen) eller permanent (Håvard Hystad). Ein kan jo lura på om forslagsstillarane har vore utanfor øya nokon gong og sett korleis det ser ut i byar som vinn prisar for god byutvikling og trivsel for folk, både her i landet og elles i Europa?

Esbjerg
Esbjerg: «De 4 Hvide Mænd». Foto: Privat

Heldigvis sette kommunestyret foten ned og stoppa galskapen. Eg vonar inderleg dei nye eigarinteressene i Borggata Futurum ser med nye og friske augo på Leirvik sentrum, noko eg har tru på.

Så kjem altså eksredaktøren i lokalavisa fordundre meg med endå eit uverdig angrep på Torg-skulpturen. Ingen nye argument, same sure suppa, me får vona og tru at dette er siste krampetrekninga derifrå. Med dei nye opplysningane som no er lagt fram og når politikarane no får sjå kor lite plass skulpturen tek på Torget, ville det vera ei stor skam for Stord-samfunnet om me ikkje skulle unna oss dette friske og fargerike kunstinnslaget.

La eit rungande politisk «JA» til skulpturane som inngår i skulpturserien «Den høgreiste og havet» markera starten på eit nytt og langt meir positivt syn på utviklinga av byen vår enn det me har sett på ei stund.

Håvard Hystad: «Den høgreiste» krympar

Stavanger
Stavanger: Fargegata. Foto: Privat

I sommar vitja eg to byar som gjorde meg glad til sinns. I Stavanger opplevde eg «Fargegaten» (Øvre Holmegate) og såg kva fargar på hus kan gjera med humøret til folk og viljen til å opna lommeboka. Før var dette ei trist og grå gate som knapt nokon visste om i byen. Så kom det ein bergensar og fargela gata. No er gata ein oase i byen, kjent langt ut over byens grenser.

Så rusla eg rundt i «Geoparken» og såg mange jarnskulpturar sett saman av delar frå m.a. Frigg-plattforma. Meir og mindre rusta! Skrapjarn, ifølgje fleire ekspertar hos oss. Går det an? Hald dykk fast, folkens, parken har vist seg å bli veldig populær, trass i «jarnskrapet». Eg legg til at denne aktivitetsparken, basert på resirkulerte materialar og element frå petroleumsindustrien, innsamla frå m.a. skrapplassar, kom i stand i samband med at Stavanger i 2008 var utropt til europeisk kulturhovudstad.

I Esbjerg i Danmark, ein annan «oljeby», vart eg glad igjen då eg fekk oppleva handlegata i byen, «Kongens Gade», yrande full av folk og heilt utan bilar. Rikeleg med velforma trebenker til å sitja på, fargerike blomekomposisjonar og fine tre, breie gateparti og små torg dekt med steinplater i lyse gråtonar. Er det rart ein blir glad og får lyst til både det eine og det andre? Noko å visa fram for ein by med tru på seg sjølv.

Og så vågar dei, verkeleg. Dei vågar å satsa på kunst i det offentlege rommet. I byparken i Esbjerg står t.d. ei høg, fargerik søyle, forma som ein «totempåle». Dekorativ, men dristig.

Stavanger
Stavanger: Geoparken. Foto: Privat

I utkanten av byen, vendt mot sjøen, sit fire gigantstore menn på sokkel og speidar utover, faste i blikket. Sjøen har betydd mykje for denne byen også. Det skulle ikkje gå an. Men det går an, skulpturane, kalla «Mennesket ved Havet», på folkemunne «De 4 Hvide Mænd», har blitt vidgjeten turistattraksjon og landemerke for byen.

Eg har tenkt på det, kanskje kommunen vår i framtida burde gje Utsmykkingsfondet instruks om å finna fram til kunstprosjekt med svært liten risiko, som til dømes ein liten gullforgylt fontene med ein liten søt, gullforgylt engel oppå som tissar nedi?

Berre for å vera på den sikre sida.

Oscar Ingebrigtsen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut