annonse

«Stavanger, med skosnutane vende mot Sandnes og Jæren»

Hordalending
Hordalending: «Det er hordalending eg er – og byen er Bergen og laget er Brann!», skriv Per Jan Ingebrigtsen. (Foto: Anita Haugland)

  • Meiningar

Lars Slettebø vil gjerne innskrivast som rogalending. Han om det – og ikkje kan me nekta han å pakka kofferten og fara, men det me kan hindra han i, er å flytta på grensepålane!

Når Slettebø kallar den faste morosida si i Sunnhordland for eit «organ for Nordhaugaland», så trudde eg det var eit forsøk på satirisk humor – så synte det seg å vera propaganda for ei seriøs privat haldning. Så då så … Men han er i sin fulle rett til å aksjonera for synet sitt, det høyrer til i eit demokrati.

Så det er sagt.

Å vera hordalending er sjølvsagt ikkje berre ei sak om økonomisk vinst og tenesteyting – men byggjer like mykje på kjensler – slik det til dømes gjorde for kommunen med gullhjelmen då dei ikkje ville innlemast i Stord kommune. Det er ei viktig side ved det å høyra heime, som aldri må undervurderast – og det er ei kjensle som ofte trumfar økonomisk vinst eller tap. Sjølv har eg budd og jobba som lærar, både i Sogn og Fjordane og i Rogaland – men det er hordalending eg er – og byen er Bergen og laget er Brann!

Det er eg villig til «å gå i krigen for!»

Når topp-politikarar i Haugesund (37.000 innbuarar) slår frampå om å verta hordalendingar, så er det fordi regionshovudstaden, Stavanger, først og fremst har skosnutane sine vende mot Sandnes (75.000 innbuarar) og folkerike kommunar nedover Jæren. Haugesund og Karmøy hamnar i bakgarden. Kva ville då ikkje me gjort?

I det mislukka samanslåingsforsøket av høgare læringsinstitusjonar, synte Stavanger styrings-arroganse til gangs. Det enda, heldigvis, opp med ei samanslåing med Bergen og Sogn og Fjordane, noko som teiknar til å verta ein suksess.

Bergen, med sine 280.000 innbyggjarar, vil verta hovudstad i den nye regionen, ikkje Hermansverk i Leikanger, med sine vel 2.000 innbyggjarar. Om fylkesmannen vert «forvist» til ei bygd – langt mindre enn Sagvåg – djupt inne i Sognefjorden, så er ikkje det nokon katastrofe. Eg veit om dei som ynskjer seg fylkesmannen endå lenger vekk…

Om ikkje Slettebø er begeistra for måten fylkessamanslåinga er gjort på, så er eg samd med han i at det har vore ein svak prosess, tvinga fram av den sitjande regjeringa, og trua på at store einingar alltid er til det beste for folket. Ofte er slike «kolossar» berre til beste for eit veksande byråkrati.

Per Jan Ingebrigtsen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut