annonse

Sterk usemje med rådmannen

Misnøgde
Misnøgde: Dei tilsette ved Rimbareid skule er ikkje nøgde med rådmannen sine kuttforslag. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Kommentar til budsjettforslaget ved Rimbareid skule.

  • Meiningar

For tre månadar sidan var det stortingsval. I valkampen stod politikarar frå alle parti fram, heilt samde om at skulen skulle styrkjast. Det skulle satsast på større lærartettleik og tidleg innsats. Men det er (diverre) ikkje stortingspolitikarane som styrer over pengane til skule. Det er det kommunepolitikarane som gjer. Løfta om auka satsing i skulen vert ete opp av dårleg kommuneøkonomi. I dette brevet vil me uttrykkja sterk usemje med rådmannen sitt budsjettforslag som omhandlar Rimbareid.

Det er lenge sidan Rimbareid skule hadde så mange elevar. Likevel er det lagt fram forslag om ein reduksjon i talet på lærartimar, og samanslåing av klassar med store utfordringar. I skulen har me elevar frå over 20 nasjonar. Elevane er tekne godt imot, og me har gjort så godt me kunne med små midlar. Som takk vert det føreslått nedskjeringar i SNO-midlane (særskild norskopplæring). Det er også kome forslag om å skjera vekk timar tilsvarande ei heil stilling, som er retta mot elevar som har enkeltvedtak om spesialundervisning. På toppen av dette er det også lagt fram at dei to førsteklassane me har skal verta til ein, og at 7. klasse ved Øvrebygda skule skal overførast til Rimbareid. Om neste års andre og sjuande trinn vert ramma av samanslåingar eller auke i elevtal som følgje av overflytting av elevar frå andre skular, meiner me at arbeidsmiljøet vil verta svært vanskeleg i dei gjeldande klassane.

Meiner politikarane i Fitjar kommune at dei føreslegne innstramingane i budsjettet for 2018 er forsvarlege? I så tilfelle er me svært usamde i denne vurderinga. Me meiner det nye budsjettforslaget er uforsvarleg med tanke på både skulemiljø og læringsutbytte for elevane, og med tanke på arbeidsmiljøet for dei tilsette.

Samanslåing av 2. klasse

Det er krav til tilpassa opplæring i sentralt lovverk for grunnskulen i Norge (Opplæringslova §3-1). Læraren har plikt på seg til å tilpassa undervisninga til den enkelte elev og leggja til rette for ulike arbeids- og læringsmetodar. Når det kjem til spesialundervisning får lærar beskjed om å ha is i magen, sjå ting an og leggja til rette for opplæringa på alle mogelege måtar, før enkelte elevar får tildelt timar. Dette gjer at ein enno ikkje har fått tildelt timar til dei me veit har trong for dette i neste års andre klasse.

I leseplanen for Fitjar kommune (godkjent av kommunestyret) står det følgjande for 2. trinn:

«På starten av 2. skuleår vil nokre av elevane kunne lese, nokre kunne skrive slik at andre forstår innhaldet og nokre få vil framleis vere fonologisk usikre. Dette må bety individuelle tilpassingar med målretta arbeid i den næraste utviklingssona til elevane. Denne tilpassinga er avgjerande for at den enkelte skal oppleva meistring, utvikle sjølvtillit og få motivasjon.»

Korte og langsiktige ringverknader av eit uforsvarleg opplæringsmiljø kan føra til svekkja læringsutbytte, meir åtferdsvanskar og svakare læringsresultat (jfr. opplæringslova §9a).

Nedtrekk spesialundervisning, SNO timar og timar til framandspråk

Opplæringslova §2-8 seier at eleven har rett til særskilt norskopplæring fram til eleven kan tilstrekkeleg norsk til å følgja den ordinære opplæringa. Nokre av klassane har elevar frå opptil 7 ulike nasjonar. Me finn det lite forsvarleg å skjera ned på SNO-midlar, når desse elevane skal få ei god språk-, lese- og skriveutvikling.

Meiningar: Kven skal ta kostnadene i Fitjar kommune?

Spesialundervisningstimar til elevar tek utgangspunkt i ei sakkunnig vurdering frå PPT. Deretter gjer kommunen eit vedtak om timar til den einskilde elev, i tråd med tilrådinga. Om ein no skal skjera ned spesialundervisninga vil det seie at ein ikkje lenger opererer i tråd med den sakkunnige vurderinga. Det er mange ulike årsaker til at elevar får spesialundervisning, og elevar som ikkje får den undervisninga dei har krav på kan klaga til fylkesmannen, jfr. forvaltingslova. Me har allereie utfordringar med at elevar i same klasse, som har ulike vanskar, deler på dei same spesialundervisningstimane. Difor er det heilt opplagt at det vert større utfordring om nedskjeringa finn stad.

Kommunen har dei siste åra gått med overskot. I 2016 gjekk kommunen med om lag 7,9 millionar i overskot. For oss er det heilt opplagt at desse innsparingane dei no vil gjera, på sikt, vil ha store konsekvensar både for den einskilde elev, lærar og for læringsmiljøet. Me oppmodar politikarane i Fitjar kommune til å avslutta denne forma for budsjettering der det kvart år vert kutt i ramma til barn og ungdom.

På vegner av klubben ved Rimbareid skule,

Marte Belsvik Hansen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut