annonse

«Stopp FRI sin ideologi»

Pride
Pride: Laurdag blir det arrangert prideparade i Leirvik sentrum. (Foto: Colourbox / illustrasjon)

Ope brev til ordførar, og politikarar på Stord.

  • Meiningar

Vi vil med dette klargjere kva vi meiner om at kommunen heiser regnbogeflagget og stiller seg bak det nye arrangementet Stordapride, i regi av organisasjonen FRI.

Mange meiner at Pride handlar om å støtte homofile og la dei føle seg inkludert i fellesskapet, forstår det slik at dette er årsaka til at mange støttar Pride.

Men denne saka har fleire viktige sider:

På Stord er det mange småbarnsforeldre som kvir seg for å gå til Leirvik sentrum på laurdag. Den dagen skal det både vere mange musikkorps som skal spele, og det er eit arrangement i regi av Sunnbok, der det skal vere både barnekor og høgtlesing i eit partytelt.

Hadde det vore eit «vanleg» tog, kunne ein sikkert «klara» det, men profilen til Pride er i mykje større grad utagerande seksuell åtferd, enn fokus på homofile sine rettar i samfunnet. På leiarplass i Sunnhordland står følgjande: Også innan det skeive miljøet er det dei som meiner at Pride fokuserer for mykje på seksuell orientering, og manglar diskresjon, noko dei meiner er øydeleggjande anten for offentleg moral eller homosaka.

Pride har ei uttrykksform som mange føler seg støtt av, og som ikkje høyrer heime ein laurdags føremiddag på Leirvik torg. Dette har lite eller ingenting med å inkludere homofile i lokalsamfunnet.

Når Stord Kommune stiller seg bak Pride så stiller ein seg og bak arrangøren av marsjen Stiftelsen FRI. Deira tema i år er «familie». FRI har ein offentleg arbeidsplan, politisk plattform og resolusjon:

Her er eit lite utdrag frå deira politiske plattform og resolusjon:

Prostitusjon: FRI mener at straffelovens paragraf 316 «Kjøp av seksuelle tjenester hos voksne» må avskaffes, fordi den er til hinder for gode og viktige tiltak for å ivareta både sexarbeideres og samfunnets interesser.

Surrogati: Benyttelse av surrogati i utlandet skal ikke forbys. (Med andre ord er dei for at ein kan bestille og kjøpe barn i utlandet, for eksempel frå fattige indiske kvinner)

Barnas rett til sin biologiske mor og far: FRI skal arbeide for at familiebegrepet ikke defineres ut ifra religiøse eller kulturelle forestillinger om hva en familie er eller ut i fra heteronormative forståelser av familien og av foreldre.

Dette går i mot FN sin barnekonvensjon paragraf 18: «Alle barn har rett til å bli oppdratt av foreldra sine om det er mogleg.»

Barnas rett til mor og en far: FRI ønsker at det arbeides aktivt for å rekruttere lhbti-personer som fosterforeldre og avlastningshjem, og at kunnskapsnivået om lhbti økes i fosterhjemstjenesten.

Eggdonasjon: FRI mener eggdonasjon må tillates i Norge, også for enslige.

Polygami som ein anerkjent og akseptert del av samfunnet: FRI skal arbeide for at barn som har flere eller færre enn to omsorgspersoner skal sikres på en bedre måte enn i dag, og at barn med mer enn to omsorgspersoner skal kunne ha lik rett til disse av hensyn til barnets beste.

FRI mener at ikke-monogame relasjoner, mellom flere enn to mennesker, som er basert på likeverd og samtykke, skal ha samme rettslige vern som de som lever i parrelasjoner.

Negative til heterofilt samliv: FRI skal innta en tydelig posisjon i spørsmål knyttet til kjønn, seksualitet , kjønnsuttrykk og negative virkninger av heteronormativitet...

FRI skal i alle sammenhenger være en aktiv bidragsyter i arbeidet med å bryte ned negative konsekvenser av heteronormative kulturoppfatninger. Forventningen om at man må leve i heteronormative parrelasjoner for å være lykkelig, samt antakelsen om at kjønnsidentiteten er det samme som det kjønnet man ble tildelt ved fødselen, kan redusere enkeltmenneskers livskvalitet.

Omdefinering av familiebegrepet frå det som har vore norm i alle generasjonar i alle land: FRI skal arbeide for at familiebegrepet ikke defineres ut ifra religiøse eller kulturelle forestillinger om hva en familie er eller ut i fra heteronormative forståelser av familien og av foreldre. Mennesker som bryter med normer for kjønn og seksualitet, samboere, enslige foreldre, flerforeldrefamilier eller personer uten barn må være inkludert i begrepet.

Informasjon, lovgivning og praksis i kommunar og fylkeskommunar:

* FRI mener at alle kommuner og fylkeskommuner skal ha handlingsplaner for å styrke kunnskapen om kjønnsmangfold og rettighetene i forbindelse med seksualitet, kjønnsidentitet...

* FRI mener handlingsplaner skal legge grunnlag for at FRI og Skeiv Ungdom har et gjensidig og forpliktende samarbeid med kommunene og fylkeskommunene

* FRI skal arbeide for at familevernkontorenes, utdanningsinstutisjoner og helsevesenets kunnskap om familiekonstellasjoner mellom mennesker som bryter med normer for kjønn og seksualitet styrkes.

* FRI skal arbeide for at mangfoldet av ulike familiekonstellasjoner implementeres og i praksis blir sikret i all lovgivning så vel som i offentlig kommunikasjonsinnsats i barnehage, skole, helsevesen og det offentlige for øvrig

(https://foreningenfri.no/om-oss/fri-mener/resolusjoner/) (https://foreningenfri.no/om-oss/fri-mener/politiskplattform/)

Viser også til avisinnlegg i Sunnhordland, «På høg tid å vakna».

Kort sagt har FRI ein klar politisk og samfunnsendrande radikal agenda.

Korleis kan kommunen stilla seg bak denne organisasjonen, og dermed også det dei står for?

Ein kan ikkje gå under eit flagg og samstundes distansera seg frå det flagget og organisasjonen som står bak, står for.

Om kommunen stiller seg bak Pride og FRI, så vil dette få alvorlege konsekvensar.

Alt no vert det gjeve klart uttrykk for at Jens Toresen er i mot kommunen sine retningslinjer fordi han har uttalt seg i forhold til Pride.

Konsekvensen ved å stille seg bak FRI, vil vere at FRI, som har ein agenda for å komme inn i dei fleste plassar i kommunestrukturen, med sine haldningar, og radikalt familiesyn, vil få opne dører overalt.

Mellom anna var Skeiv ungdom med på Psykisk helse dagane hjå Stord Ungdomsskule i vinter. Der forklarte dei i positive ordelag mange seksuelle variantar. Berre ein vart omtalt som litt mindre raffinert. Det var heterofili.

Kva med det auka fokuset på Psykisk helse som kommunen har dei neste åra, vil FRI no få ei open dør, sidan kommunen alt har stilt seg bak organisasjonen? Kven vil våge å sei i mot dei, når vi ser på kva Jens Thoresen har opplevd etter at han uttalte seg i samband med Pride?

Les også: Slik blir pridemarkeringa på Stord

Kommunen har eit ansvar for å representera innbyggjarane sitt fleirtal, og for å følgje demokratiske prosessar.

Vi opplever ikkje at måten Stord kommune har stilt seg bak Pride på, har vore rett. At folk frå ulike parti stiller opp i Pride betyr ikkje at partia, eller folket i kommunen som dei representerer, stiller seg bak Pride, og dermed også FRI og deira agenda.

Skal ein stille seg bak ein så kontroversiell organisasjon, bør ein også ha ei grundig konsekvens utgreiing på førehand, og folket bør få vere med på å bestemme. Dette ser ut til å vere heilt fråverande i denne samanheng.

Vi vil på det sterkaste be dykk som er politikarar og offentleg personar på Stord, om å la vere å heise regnbogeflagget, stilla dykk bak Pride som kommune, og aktivt delta i marsjen til organisasjonen FRI, Pride.

Meiningar: «Det er på høg tid å vakna»

Eit samfunn der heterofilt samliv vert nedgradert og kritisert, og alle andre samlivsformer normalisert og framheva, fører til at det er dei heterofile, og dei som står for eit klassisk og naturtru familiesyn som vert diskriminert.

Eit slik samfunn ønsker vi ikkje på Stord. Guds skaparordning naturen, alle nasjonar og alle dei store religionane har også familie med mor, far og barn som den gode ramma for familie. Dette vil vi hegne om.

Arvid Rygh
Bjarnhild Lygre Sjo
Einar Inge Gjerde
Elin Sørfonn
Geir Martin Økland
Grete Økland
Gunn Sørensen
Inge Hamre
Ingolf Johnsen
Ingunn Mikalsen
Ingvild Løklingholm
Jan Reinemo
Jarle Steinsland
Johannes Olsen
Karin Steinsland Stokken
Kjersti Karlsen
Kjerstin Handeland Stokken
Liv Bod
Magne Sakseid-Nakkeid
Magnus Økland
Nina Aarbø Olsen
Randi Aasland
Sissel Sørensen
Solfrid Anette Økland
Steinar Simonsen
Stein Arild Gjerde
Terje Vikestrand
Veronika Furuhovde Helland
Ørjan Johanessen

Lars Lars-Kåre Katla
Margaret Gjerde
Toralf Steinsland
Willy Kai Ersland
Bård Inge Sørfonn 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut