annonse

«Stord Frp er på lag med industrien»

Stiller til val
Stiller til val: Tor Magne Albretsen (t.v.) skriv at han er skeptisk til subsidierte grøne prosjekt. Her saman med partifelle Stian Djuvsland frå Stord Frp. (Foto: Ingvild Eide)

  • Meiningar

Likevel er me skeptiske når ein ynskjer seg subsidierte «grøne» prosjekt. Kanskje særskild av di havvind på sokkelen treng høge kraftprisar for å kunne vera lønsamt – noko me i Frp ikkje ynskjer. Det ynskjer neppe forbrukarane og den kraftkrevjande industrien heller.

Det er mange tiltak Angeltveit kjem med. Lokalt ser me no resultata av fylket si miljøsatsing – treige ferjer, lang ventetid på kaien og galopperande kostnadar for fylkeskommunen. Summert: eit vesentleg dårlegare tilbod for dobbel pris. Dette kan ikkje forsvarast med lokale tenkjetankar og subsidiert næring, sjølv om det er kjekt å ha og ser fint ut. Sunnhordland lever av lønsam og usubsidiert industriproduksjon i verdsklasse. Det skal me fortsette med, og der vil norsk olje- og gassproduksjon vera berande i tiår framover, uavhengig av kva klimascenario ein ser føre seg. Den største fara er at politikarane gjer kål på gullgåsa olje og gass. Stord Frp er med på å stø opp om ny næring og nyetablering. Men me trur ikkje det vil erstatte den konkurransedyktige, lønsame, miljøvennlege, høgt betalande og kunnskapsintensive næringa me allereie har.

Meiningar: «Venstre og industrien er optimistar for havvind»

Regjeringa har gjennomført ein rekordstor konsesjonsrunde. Me tildeler leiteareal og me satsar på oljenæringa. Det er eit paradoks at Venstre vil bruke inntekter på mange gode, grøne formål, men ikkje likar kvar pengane kjem frå. Om norsk industri fekk velje så er me visse på at val nummer ein er føreseieleg olje og gasspolitikk. Det er Frp den fremste garantisten for – lokalt og nasjonalt!

Tor Magne Albretsen,
8. kandidat, Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut