annonse

Stord Frp støttar industrien

MEININGAR
MEININGAR: – Så lenge det er marknad for norsk olje og gass skal Noreg drive utvinning. Me håpar Angeltveit med tida vert einig med Stord Frp i dette, slik Abid Raja no ser ut til å ha blitt einig med Frp om bompengar, skriv Sigbjørn Framnes i Stord Frp. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

  • Meiningar

Me er samstemt internt i Stord Frp og med fylkespartiet. Det er rett at me var med på fergevedtaket - me er ikkje motstandar av batteriferger i seg sjølv. Me må igjen påpeike at det var inkludert eit atterhald om økonomi. Om det var driftsregularitet Angeltveit viste til, er det korrekt at me stemte mot dette. Det var fordi det var pakka saman med to andre punkt me ikkje ville støtte. I tillegg er driftsregularitet regulert i både kontrakt og anbodsprosess, så noko stor sak er det ikkje.

Allereie no kan me lese i nyhendene at det ikkje trengs norske subsidiar for at industrien sine produkt skal vera konkurransedyktige, sjå Aibel sin platformkontrakt, samt Kværner sine planar om vindmøller i Japan og California. Alle desse tre landa og områda har ein ting Noreg ikkje har og som me ikkje skal ha, nemleg skyhøge kraftprisar.

At Angeltveit heng seg opp i kva ord som vart brukt for å skildra industrimiljøet får stå for hans rekning. Me har likevel tatt sjølvkritikk for upresist språk. Som Angeltveit vel veit har me allereie takka ja til invitasjon til å vitje industrien og industripartnerar, og ser fram til å høyre om mellom anna utvikling av kostnadseffektive elektriske ferger og skip.

Til sist, me i Stord Frp stør alle som jobbar i industrien, og vårt hjarte bankar spesielt for olje og gass. Me kjem ikkje til å sette vår viktigaste næring i spel, slik alle parti unnateke Frp og Høgre i større eller mindre grad no ivrar for. Så lenge det er marknad for norsk olje og gass skal Noreg drive utvinning. Me håpar Angeltveit med tida vert einig med Stord Frp i dette, slik Abid Raja no ser ut til å ha blitt einig med Frp om bompengar.

Sigbjørn Framnes
Ordførarkandidat Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut