annonse

«Stord Høgre tek utfordringa»

Ordførarkandidat
Ordførarkandidat: Øyvind Kyvik. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Eg leste innlegget frå Geir Angeltveit i førre veke med stor entusiasme! Dette er som musikk i mine øyre, og Venstre kan fort komme til å innfri ambisjonen med eit sterkt Høgre i posisjon etter valet.

Ikkje berre fordi Stord Høgre vågar å prioritere og vil styre økonomisk forsvarleg som grunnlag for ei slik satsing, men fordi programmet vårt dei neste 4 åra kjem med konkrete tiltak som møter Stord Venstre sine ynskjer og målsetningar for oppvekstvilkåra i kommunen vår.

Stord Høgre vil mellom anna;

• Innføre gratis barnehage for alle låginntektsfamiliar, med krav om aktivitetsplikt til foreldre

• Etablere eit tett samarbeid med aktørar som driv sommarskule i kommunen som f.eks. forskarfabrikken og fotballskulane

• Utgreie mogelegheiter for å tilby førebuande kurs eller mogelegheit for å ta opp at fag før vidaregåande opplæring

• Styrkje samarbeidet mellom private og kommunale barnehagar

• Auka fokus på tidleg innsats frå barnehage og småskulen (1. til 4. klasse) og prioritere at alle elevar skal læra seg å lesa, skriva og rekna

• Sikre eit godt og lærerikt SFO tilbod med fokus på læring gjennom leik

• Utgreie mogelegheita for søskenmoderasjon i SFO

• Arbeide for å styrkje samarbeid mellom SFO, idrett, kulturskule og frivillige organisasjonar

• Auke leiarressursen i skulen for å sikre god skuleleiing og økonomistyring

• Jobbe for at alle skular i Stord kommune blir sertifisert som dysleksivenleg skule

• Sikre kulturskulen eit mangfaldig tilbod med gode lokalitetar og høg kompetanse

• Skape kultur for entreprenørskap i utdanning i samarbeid med lokalt næringsliv, Høgskulen på Vestlandet og Atheno/Ungt Entreprenørskap

• Utarbeide rekrutteringsstrategiar for å få fleire menn inn i barnehagen og skulen

• Innføre hospitering for ungdomskulelærarar i lokalt næringsliv

• Sikra bruken av digitale verktøy i undervisninga for å styrkje individuell opplæring og auka læringsutbytte

• Gratis tilgjenge til symjehallen i kulturhuset for alle 2. trinnselevar med føresett

• Iverksetja tiltak slik at tilsette i skular og barnehagar har tilstrekkeleg kunnskap til å fange opp signal på psykiske vanskar, vald og overgrep mot born

• Satse på talenta ved å gje elevar som treng ekstra utfordringar mogelegheit til å utvikle sitt fulle potensial

• Sikre at den oppveksande generasjon skal få eit positivt forhold til sin eigen kropp, seksualitet og legning. Dette vil bli ivaretatt gjennom tilbod om kurs for tilsette i barnehage, grunnskule, skulehelsetenesta og andre fyrstelinjetenester som møter dei unge

• Medverka til at det etablerast samarbeidsordningar mellom skule og næringsliv, så som fadderordningar, bedriftsbesøk og liknande

• Aktivt arbeide for at tilsette og vikarar i barnehage og skule er fagleg kvalifisert

Øyvind Kyvik,
ordførarkandidat Stord Høgre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut