annonse

«Stord høyrer til i oljefylket»

Vil sør
Vil sør: Lars Slettebø. (Foto: Hilde Vormedal Nybø / arkiv)
Oljeby
Oljeby: Stord høyrer heime i lag med oljefylket i sør, og ikkje med dei lenger nordover, meiner Lars Slettebø, og viser mellom anna til denne statistikken frå SSB, som viser at Stord er den kommunen i landet der flest jobbar i oljeretta verksemd. (Foto: SSB / illustrasjon)

I mange år har Stord vore den kommunen som i høve til folketalet har flest tilsette i oljebransjen, skriv Lars Slettebø.

  • Meiningar

I Statistisk sentralbyrå sine tal for 2016 toppar Stord oljerankingen med Sola og Stavanger på andre- og tredjeplass.

Når Hordaland vert historie frå 1. januar 2020, er det difor meir naturleg for Stord å bli ein del av oljefylket Rogaland enn av Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane er eit vakkert stykke Norge som eg og mange med meg er glade i. Og ingen vil vera usamde i at Leikanger er ei sjarmerande bygd i eit storslått landskap. Og eg har i mange år hatt Sogndal (og FKH) som favorittlag.

Men er det er det naturleg at ei bygd som er litt mindre enn Sagvåg og ligg fem timar og to ferjereiser unna skal vera regionshovudstaden for sunnhordlendingar?

Oljeby
Oljeby: Stord høyrer heime i lag med oljefylket i sør, og ikkje med dei lenger nordover, meiner Lars Slettebø, og viser mellom anna til denne statistikken frå SSB, som viser at Stord er den kommunen i landet der flest jobbar i oljeretta verksemd. Foto: SSB / illustrasjon

Mange stordabuar har både kortare reisetid og sterkare tilknyting til Albir enn til Leikanger.

Les også: Fylkespolitikar meiner Slettebø er upresis

Men framfor alt har næringslivet vårt eit skjebnefellesskap med oljefylket og oljehovudstaden. Og det hjelper ikkje kor godt det smakar med Lerums bringebærsaft og kor vakkert Tone Damlie og Olav Stedje syng:

Stord er ein oljekommune og høyrer heime i oljefylket.

Etter at Trekantsambandet opna er Stord blitt meir og meir knytt til Rogaland både når det gjeld næringsliv og offentleg sektor. No er arbeidet med Rogfast i gang, og då vil oljebyen Stord ha ferjefritt samband til oljehovudstaden.

Sunnhordland på leiarplass: «Å tru på julenissen»

Då vil det vera eit stort tilbakesteg å venda oljefylket ryggen og bli ein del av Sogn og Fjordane. Vil det tena oljeindustrien og næringslivet elles på Stord?

Det ville undra meg om det er ei god sak for f.eks. Arbeidarpartiet halvtanna år før kommunevalet i 2019. Eller for Høgre.

Veljarane har krav på å få vita kor partia står i denne saka.

For mange vil det vera uvant å bli rogalendingar. For like mange vil det vera uvant å bli sogningar.

Uansett vil ingen av oss lenger vera hordalendingar etter 1.1.2020. Det vil sjølvsagt vera litt vemodig, men nostalgi gir ikkje framtidsretta politikk.

Det veit eg litt om, sidan det var ein god porsjon nostalgi som fekk meg til å vera mot Trekantsambandet i si tid. Det var eit stort feilsteg som eg har angra mykje på.

No prøver eg å gjera det godt igjen.

Lars Slettebø,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut