annonse

«Stord kommune, kvifor svarar de ikkje?»

Saknar svar
Saknar svar: Trine Gravdal i Redd Barna Stord saknar svar frå Stord kommune på oppmoding om å sikre at alle barnehagar og skular i kommunen har ein beredskapsplan mot seksuelle overgrep mot barn. (Foto: Arkiv)

Guten som gjorde alt for å vera usynleg, redd for at nokon skulle oppdaga at han bar på ein tung løyndom. Ho som alltid var fyrst til timen og var den siste til å gå, skriv Trine Gravdal.

  • Meiningar

Dei begge fortalde på sitt vis at noko var gale.

Begge hadde vore utsett for seksuelle overgrep då dei born.

Det dei trong mest av alt, var å treffa ein vaksen som spurde dei «korleis har du det?», og som ville lytte til det dei hadde å fortelja.

Både gjennom FNs konvensjon om barns rettar og gjennom barneloven pliktar norske styresmakter seg til å verne alle barn og unge i Noreg. Likevel er det altfor mange barn og unge som blir utsett for overgrep

Kvar einaste dag er det born som opplev å bli utsett for overgrep frå nokon i familien, ein trenar eller andre dei har stor tillit til. Ikkje alle tør fortelje kva dei er blitt utsette for.

Barn treng vaksne som spør korleis dei har det. Dei treng vaksne som er trygge og modige nok til å vera ein samtalepartnar som kan avdekkja seksuelle overgrep. Dei vaksne treng kunnskap og konkrete planar for kva dei skal gjere dersom dei har mistanke om overgrep.

Det er politikarane sitt ansvar å leggje rammene for trygge oppvekstarenaer for barn. I november 2015 sende Redd Barna difor eit brev til alle dei 428 ordførarane i landet med ei oppmoding om å lage beredskapsplanar mot seksuelle overgrep i alle skular og barnehagar. Stord kommune har sidan då fått fleire purringar frå Redd Barna, men har enno ikkje svara. Vonar kommunen ønskjer å gjera enno meir for å gjera byen vår tryggare for born.

Redd Barnas arbeid for å verne barn mot seksuelle overgrep har vist at dei færraste kommunar har ein eigen handlingsplan om seksuelle overgrep mot barn. Ein plan som skal sikre at alle vaksne som jobbar med barn veit kva dei skal gjere om dei mistenkjer at eit barn er blitt utsett for overgrep. Nokre få kommunar har teke grep etter å ha blitt utfordra av Redd Barna. Byar som Skien og Ålesund har blant anna sagt at dei no skal innføra handlingsplanar.

Like viktig som handlingsplanar er det at tilsette i barnehagar og skular er trygge på kva dei skal gjere om dei mistenkjer overgrep. Difor må kommunen sikre at alle skular og barnehagar har ein eigen beredskapsplan.

Vi oppmodar Stord kommune om å sikre at alle barnehagar og skular i kommunen har ein beredskapsplan mot seksuelle overgrep mot barn, og at planane ikkje blir liggjande i ein skuff. Dei tilsette i skulen og barnehagar må få kompetansen dei treng for å kunne førebyggje og avdekkje seksuelle overgrep. Dei må kursast i å snakke med barn om vald og seksuelle overgrep, og det må gjennomførast øvingar. Vi håper Stord kommune vil ta ansvar for dette, slik at barnehagane og skulane våre blir tryggje for alle barn.

Trine Gravdal,
Redd Barna Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut