annonse

Stord kommune og kommunikasjon

La på
La på: Torill Nordhus prøvde å få kontakt med kundetorget i Stord kommune. Ho gav opp til slutt. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Vårt offentlege tenesteapparat i Stord kommune har gått over til digital kommunikasjon, m.a. Helsenorge.no. Fordelene ved digital kommunikasjon vert mellom anna framheva som: «at ein kan skrive og lese meldingar når og kvar det passar og at ein enklare kan planleggje kvardagen og slepp å sitja i telefonkø.»

I det siste har eg ringt Kundetorget i kommuen vår to gonger. Første gong venta eg i sju minutt og andre gong 10 minutt og «la på» utan å få kontakt. I ventetida var det ei stemme som stadig gjentok: «Det er for tida stor trafikk, du kan gå inn på heimesidene våre, der vil du finne svar på mange av dei spørsmåla du har». Tidlegare svara kommunen svært raskt ved oppringing: «Kundetoret, Stord kommune» og eg vart satt over til aktuelle kontor.

Digital kommunikasjon er oftast ein einvegs kommunikasjon og kan vera effektiv, men kan også skape frustrasjon, avstand, makt og avmakt.

Ved tovegs kommunikasjon møter ein menneske til menneske, Ein lyttar, tier og snakkar i tur og orden. Begge partar får bekrefting og kan nå til målet for samtalen på ein verdig og god måte (dialog).

Som eg ser det har kvar og ein sin kunnskap, sin profesjon og utdanning i svært ulike felt og dette kjem best til nytte for mennesket ved tovegs kommunikasjon.

Der er mykje kunnskap o.a. å henta digitalt, men det er meir komplisert enn eit lett tastetrykk.

Kvar gong me innhentar digitalt/på nettet startar ein søkemotor (robot) i eit datasenter. På jorda vår er det mange gigantiske serverrom i ulike datasenter og desse treng svært store mengder energi. Energien dei nyttar er lite «grøn» og forureinar dagleg like mykje som all verdas daglege flytrafikk.

Kven snakkar om klima/CO2 og forureining når ein tastar så enkelt og lett? Det minner litt om dei åra diesel vart framsnakka som miljøvenleg, men me har berre ein fantastisk flott klode og den ropar om hjelp.

Torill Nordhus,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut