annonse

Stord kommune veit ikkje kva me snakkar om

REAGERER
REAGERER: Styret i Stord revmatikarlag fryktar at det frivillige arbeidet snart tek slutt om ikkje kommunen hjelper til med bassengleiga. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

  • Lesarbrev

Karl Spissøy i LHL Stord, takk skal du ha. I lesarbrevet ditt fredag 29. juni får du tydeleg fram kor stor innsats frivillige lag og organisasjonar gjer til beste for folkehelsa – men det kostar dei frivillige dyrt. Eg er redd Stord kommune sine politikarar og administrasjon ikkje skjønar kva du og me andre i frivillig gratis arbeidsinnsats for rehabilitering snakkar om. Det vil dei ikkje forstå før dei sjølve blir hjelpetrengjande.

Stord revmatikarlag har søkt om å få billegare bassengleige, men me har fått negativt svar på søknaden. Vårt lag har 7 treningsparti i veka i varmtvassbassenget, à kr. 540,- timen. Altså får det kommunale rehabiliteringssenteret inn kr 3780,- veka/kr 15.120,- kvar månad berre frå laget vårt. Dette blir stort sett betalt av basarinntekter, dv.s. gjennom heilårleg dugnadsarbeid akkurat slik du så godt skildrar det.

Leiaren vår, Solfrid Agdestein, har spådd at det frivillige arbeidet snart tek slutt.

Eg er redd ho har rett. Det er slitsamt å heile tida jobba for å skaffa inntekter.

Min draum er at kommunepolitikarane skal engasjera seg i innbyggjarane si velferd og helse. At dei skal ta inn over seg at dei i budsjettarbeidet faktisk kan hjelpa til med å gjera det frivillige arbeidet meir lystbetont slik at det varer lengre.

For styret i Stord revmatikarlag

Ingunn Myklebust

– skrivar og instruktør –


Les også: Revmatikarane feira seg sjølv

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut