annonse

Stord og Sunnhordland har satsa på vindkraft til havs

Til havs
Til havs: Denne vindturbinen blei sett saman på Eldøyane og seinare frakta til skotsk farvatn. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Norges Vassdrags- og energidirektorat held i desse dagar på å kartleggja «heila landet» for potensielt gode plassar å bygga ut vindkraft til lands. Overordna eit positivt grep, men ein er heilt avhengig av at det vert tatt natur- og miljøomsyn til staden vindmøllene vert plassert, ikkje berre potensialet i kraftutnytting.

Grønafjellet er eit unikt område i vår region, og er særskild sårbart for denne typen omfattande inngrep. Fleire lesarbrev har gått i detalj på området. I tillegg har me på Stord og i Sunnhordland satsa på havvind. I forkant av samanstillinga av havvindmøller nede på Eldøyane så gjekk det ein diskusjon rundt kva dette ville bety og kva areal som vart tapt. Eit minimalt inngrep samanlikna med vindmøller i Grønafjellet, men jamvel eit inngrep som har blitt gjennomført.

Potensialet for vindkraft til havs er langt høgare. Me har stor kompetanse på offshore-installasjonar og bygging av desse. For kvart Johan Sverdrup-understell som vart bygd kunne ein bygd 49 understell til havvindmøller. Det er verkeleg grøne arbeidsplassar for framtida, utan at ein treng øydeleggja unik fjellnatur for all framtid.

Stord Venstre har satsa på hesten vår. Den heiter havvind.

Geir Angeltveit,
ordførarkandidat,
Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut