annonse

Stord på sitt beste

Lesarbrev
Lesarbrev: Øyvind Kyvik. (Foto: ARKIV)

  • Meiningar

Innbyggjarane i Stord kommune skal no inn i ein spanande periode. Ja, den er ikkje berre spanande, men også utruleg viktig. For det er no me skal avgjere kven som er tilliten verdig til å få plass i kommunestyret og kven som skal styre utviklinga i Stord kommune dei neste 4 åra.

Stord Høgre stiller med eit nytt og høgst motivert og kvalifisert lag. Kandidatane våre har ulik erfaring, kompetanse, alder, røynsle og hjartesaker. Felles for oss, er vårt ynskje og ambisjon om at Stord skal bli den beste plassen å vakse opp i, tryggaste kommunen å bli eldre i, og for næringslivet, den opplagt beste kommunen å arbeida og etablere seg i. Det er Stord på sitt beste.

Me i Stord Høgre ynskjer oss ein kommune med store og realistiske ambisjonar. Ein kommune som klarar å bidra og motivere til, og gjera seg nytte av, det fantastiske potensialet som kvar og ein av oss kan og vil bidra med – i frivillig arbeid, kultur og idrettsglede. Slik skapar me eit attraktivt lokalsamfunn.

Stord på sitt beste er når kommuneøkonomien er føreseieleg og god. For at me som kommune skal kunne ivareta våre oppgåver, og sikra deg som innbyggjar eit godt og riktig tenestetilbod, er dette heilt grunnleggjande og nødvendig. Stord Høgre har eit klart mål om å få økonomien i Stord kommune tilbake på rett spor, og vårt målretta arbeid vil kunne skape ein robust økonomi som er i stand til å oppretthalda og vidareutvikle kommunen sitt tilbod, til beste både for næringsliv og deg som innbyggjar.

Stord på sitt beste er når me tar ein tydeleg rolle som eit kraftfullt regionsenter i Sunnhordland. Stord Høgre ynskjer å vidareutvikle samarbeidet, styrke dei viktige institusjonane og betre kommunikasjonen mot våre nabokommunar for å lykkast i framtida. Å realisere Hordfast blir særleg viktig for regionen vår.

Stord på sitt beste er når våre barn og unge opplever meistring og kunnskap i barnehagen og i skulen. Dette oppnår me når dei møter ein vaksen som har kompetansen til å gi den rette rettleiinga som er tilpassa borna og elevens behov. Me må sørge for at dei som trenger oss mest, får det beste og rette tilbodet som gjer dei i stand til å lære og meistre i barnehagen, skule, heime og i aktiv fritid. Og ikkje minst; Sårbar ungdom må få den hjelpa og støtta dei trenger til å gjera gode val for seg sjølv, også når livet ikkje alltid er like lett.

Stord på sitt beste er når me har eit godt planarbeid i kommunen, eit aktivt privat næringsliv, føreseieleghet for innbyggjarane, langsiktighet og rask saksbehandling. Nye aktørar, og allereie etablert næringsliv som vil satse i kommunen vår må heiast fram, og oppleve å få den vegleiinga som trengs i ein mindre byråkratisk prosess mot etablering. Me skal være positive og løysingsorienterte for å trygge dei gode arbeidsplassane me har, og sørge for at det er fleire som vel Stord kommune når dei skal skape og etablere nye arbeidsplassar og verksemder.

Me er gode på omstilling på Stord. Det er denne haldninga, unike innsikta og erfaringa Stord Høgre vil løfte med seg frå industrien og vil gjera til kultur i kommunen. Det er denne viljen og kompetansen Stord Høgre vil ta med seg i omstillinga av kommuneøkonomien, utviklinga av kommunen, og våre tenester for innbyggjarane.

Me må villa meir og betre, og eg vonar det nye laget til Stord Høgre vil skapa grunnlag for løysingar rundt korleis kommunen aktivt skal bli ein enda betre bu- og oppvekstkommune, arbeidsgjevar, tenesteleverandør og tilretteleggjar for vekst og utvikling, samstundes som me tek innover oss det viktige klima og miljøansvar vi faktisk har.

Det vil ta tid og krevje stort mot og sterk innsats, og om du som veljar viser meg og laget mitt tillit, er me klare for å ta fatt på den ærbødige, krevjande og viktige oppgåva det er å styre kommunen, og til å gjere vårt aller beste - for deg - og for å skape; Stord på sitt beste!

På vegne av Stord Høgre
Øyvind Kyvik
Ordførarkandidat

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut